Mellomalderlovas bokstav
Magnus Lagabøtar si Landslov representerer eit høgdepunkt i europeisk lovgjeving i mellomalderen. Ho er tema for professor Jørn Øyrehagen sitt føredrag om lova som var til mellom 1274 og 1280.
Magnus Lagabøtar si Landslov av 1274, saman med dei 3 andre lovbøkene, vart laga i Noreg på same tid i 1270-åra. Dei representerer eit høgdepunkt i europeisk lovgjeving i mellomalderen. Dette lovgjevingsprosjektet var verken det fyrste eller det mest omfattande i Europa, men var det som i størst grad påverka og endra retten. Men styrken på statsmakta og høve til kommunikasjon sette og grenser for kor mykje kongsmakta kunne omskapa rettstilstaden.
Gjennom føredraget "Mellomalderlova sin bokstav" vil professor Jørn Øyrehagen Sunde teikna eit realistisk bilete av Landslova sin verknadshistorie. Han vil visa at lovboka sin største kvalitet var at dei som laga den sjølve hadde eit realistisk forhold til kor mykje dei kunne makta å endra retten.
Fragment frå fortida er eit samarbeidsprosjekt ved Universitetet i Bergen mellom Senter for mellomalderstudiar (CMS) og Universitetsmuseet i Bergen, og er ein del av universitetets si satsing på mellomlalderforsking.
Sist endret: 24.10.2011
Nyheter fra Universitetsmuseet i Bergen
- Dugnad i rosariet (14.05.2012)
- Åpen-dag Håkonshella (10.05.2012)
- Håkonshellaprosjektet (24.04.2012)
- Hvalsalen er åpen igjen (17.04.2012)
- Egyptisk lørdag! (11.04.2012)
Relaterte nyhetssaker
- " Save the whales" - om restaureringen av en historisk utstilling (18.04.2012)
- Else Mundal: Sagaskriverne og Bergen (13.03.2012)
- Teater og foredrag - om nordmenn som koloniherrer (07.03.2012)
- Særlover for unge lovbrytarar (05.03.2012)
- Hilde Inntjore: Evig liv i denne verden? (27.02.2012)
- Juridisk metode
- Historie