Kristendom i lovs form
Førstkommande onsdag, 9.november, er det siste føredraget denne hausten knytt til temautstillinga Fragment frå fortida. Det handlar om korleis dei nye kristenrettane i mellomalderen førte til ei gjennomgripande endring av kvardagen til norske kvinner og menn.
Kring 1024 vart det truleg halde eit ting på Moster i Sunnhordland, med store konsekvensar for innbyggjarane i dei norske landskapa. Kristendomen vart innført etter eit tingvedtak.
Kristenrettane
I åra som kom vart stadig fleire forbod og påbod fremja i regi av konge- og kyrkjemakt. Desse reglane er samla i dei norske kristenrettane, som er mellom dei eldste skriftlege kjeldene frå norsk mellomalder.
Gjennom føredraget Kristendomen i lovs form vil post doktor Torgeir Landro syna korleis dette «sedskiftet» medførte ei gjennomgripande endring av kvardagen for norske kvinner og menn.»
Fragment frå fortida er eit samarbeidsprosjekt ved Universitetet i Bergen mellom Senter for mellomalderstudiar (CMS) og Universitetsmuseet i Bergen, og er ein del av universitetets si satsing på mellomlalderforsking.
Sist endret: 8.11.2011
Nyheter fra Universitetsmuseet i Bergen
- Dugnad i rosariet (14.05.2012)
- Åpen-dag Håkonshella (10.05.2012)
- Håkonshellaprosjektet (24.04.2012)
- Hvalsalen er åpen igjen (17.04.2012)
- Egyptisk lørdag! (11.04.2012)
Relaterte nyhetssaker
- Informasjonsmøte om Forsker grand prix (27.04.2012)
- " Save the whales" - om restaureringen av en historisk utstilling (18.04.2012)
- Else Mundal: Sagaskriverne og Bergen (13.03.2012)
- Teater og foredrag - om nordmenn som koloniherrer (07.03.2012)
- Ora et labora - Be og arbeid (01.03.2012)
- Middelalder
- Formidling
- Arkeologi
- Historie