Gå til innhold
English A A A

Universitetsmuseet i Bergens historie


Christie.jpg

Christie.jpg

Bergens Museum vart skipa i 1825 av stiftamtmann, tidlegare stortingspresident Wilhelm Frimann Koren Christie (1778-1849). I dag heiter vi Bergen Museum.

Alt frå starten tok dei sikte på å byggja opp eit naturhistorisk og arkeologisk-kulturhistorisk museum med ei breidde som til då var ukjend i Noreg.

Christie og andre pionerar engasjerte seg personleg i innsamling og bearbeiding av gjenstandar til samlingane. Dette gav gode resultat. Snart strøymde det inn gjenstandar frå mange hald, både nasjonalt og internasjonalt.

Museet vart ein viktig del av grunnlaget for etableringa av Universitetet i Bergen (UiB) i 1946 og er no ein integrert del av universitetet. I dag har Bergen Museum landets største museale samlingar innan kultur- og naturhistorie samla ved ein institusjon. Fleirfagleg forsking og formidling fekk tidleg høg prioritet og har det framleis.

Museet er organisert som eit fakultet ved Universitetet i Bergen. Den vitskaplege verksemda er samla i to tverrfaglege avdelingar: Dei naturhistoriske samlingane og Det kulturhistoriske samlingane. Bergen Museum har som hovedmål å driva forsking, innsamling, dokumentasjon, vern og formidling på dei museale fagfelta som er integrerte i Bergen Museum: Antropoplogi, arkeologi, botanikk, geologi, kultur- og kunsthistorie og zoologi. Museet har seks vitskaplege seksjonar (ein for kvar av dei fagområda som er omtala ovanfor). Dessutan er der ein konserveringsseksjon som del av Dei kulturhistoriske samlingane, Publikumsseksjonen, Dokumentasjon- og IT, Foto- og AV-tjenester saman med administrative tenester er samla i ei felles avdeling som er lagd til museets sentrale administrasjon. Museumsseksjonane er klårt åtskilde einingar med separat økonomistyring, personalforvalting og leiing.

Dei naturhistoriske samlingane ved museet er sentrale for fremjing av kunnskap om stein-, dyre- og plantearter i vårt eige og andre land. Dei kulturhistoriske samlingane inneheld grunnleggjande kunnskap om førhistorisk tid og mellomalder i Vest- Noreg, og om framande kulturar i fleire verdsdelar.

Museet skal halda oppe og fornya dei vitskaplege samlingane, og leggja til rette for bruk av samlingar til forskingsføremål og undervisning på høgare nivå.

Som den dominerande museumsinstitusjonen på Vestlandet skal Bergen Museum også fungera som eit regionalt kompetanse- og formidlingssenter for andre museum, skuleverket, politiske miljø, næringslivet og publikum i vid meining.

Formidling av det rike tilfanget i samlingane og dei store kunnskapane institusjonen forvaltar, er ein sentral lekk i profileringa av Bergen Museum og Universitetet i Bergen.

Universitetsmuseet i Bergen har omkring 76 årsverk og eit budsjett på rundt 50 millionar kroner (medrekna ekstern finansiering). I 2007 var 67.200 personar på besøk i publikumssamlingane.

Sist endret: 1.11.2011