Hjem

Utdanning

Fleire jobbmoglegheiter med fysikk

– Studiet for dei som er interesserte i korleis universet heng saman

– Det er gøy å lære om korleis verda fungerer, og kvifor ting er slik dei er, seier fysikk-student Ingunn Røssland.

fysikk jobbmulighter

Ingunn Røsseland studerer fysikk på Universitetet i Bergen, og mener det er mange jobbmuligheter for henne
JOBBMOGLEGHEITER FYSIKK: – Fysikarar er gode på problemløysing, og kan vere viktige i den teknologiske utviklinga som foregår på omtrent alle samfunnsområder. For eksempel kan jobbar som er risikofylte, gjerast tryggare ved bruk av robotar.

– Fysikk kan kanskje verke som eit sært og vanskeleg fagområde sett utanfrå, men det kan brukast til veldig mykje forskjellig og gir deg gode moglegheiter etter at du er ferdig å studere, seier Ingunn, som studerer master i fysikk ved UiB.

Det er no litt over fire år sidan ho starta på bachelorprogrammet i fysikk. Bakgrunnen var eit ønske om å lære meir om korleis verda fungerer.

- I fysikken studerer me korleis universet er bygd opp, alt frå det som er veldig lite til det kjempestore. Eg var veldig interessert i filosofi, men fann ut at medan filosofien stiller mange spørsmål, så prøver fysikken å gi konkrete svar på korleis ting skjer og er slik dei er. Det likar eg veldig godt.

– Blir lett inkludert

Ingunn meiner at det gode miljøet ved fakultet er noko av det beste med studiet.

– Det er eit veldig godt studiemiljø, og som ny student følte eg meg godt inkludert. Alle snakkar med alle, og stemninga er avslappa og uformell. Programstyret er flinke til å ta tak i forslaga til forbetringar frå studentane, og er opptekne av at bachelorprogrammet skal vere bra.

Overgangen frå videregåande skule til å studere var likevel stor for Ingunn.

– Ein har stor fridom og må ta meir ansvar. Det tok litt tid før eg følte at eg hadde kontroll på ting.

Hennar beste råd til ferske studentar er å delta på det som skjer på studiet, og jobbe jamnt med faget gjennom året.

– Det er lurt å møte opp på universitetet for å lese, då kjem ein i kontakt med folk, og det er lurt å delta på gruppetimane og gjere mange oppgåver, så ein ikkje hamnar bakpå i faget. Og bli med på fadderveka - uansett om du ikkje er så glad i å gå på fest. Fadderveka kan nok verke litt voldsom, men viss du deltek på arrangement i starten, blir du lettare kjent med andre.

Jobbmoglegheiter innan helse 

Ingunn jobbar som undervisningsassistent for bachelorstudentane, og med leksehjelp i realfag for elevar i videregåande.

– Det er veldig kjekt å få sjansen til å gjere dette. Det er givande å snakke om fag, og sjå at andre forstår og får utbytte av det. Ein lærer også faget endå betre, og får stilt spørsmål ved det ein kanskje tek for gitt. Eg har lyst til å bli lærar sjølv, og då er det fint å få øve seg på å stå framfor andre og snakke.

- Kva kan ein jobbe som med ei utdanning i fysikk?

- Det finst mange moglegheiter. Eg har valgt å peile meg inn på å bli realfagslærar, og der trur eg det er gode moglegheiter for å få jobb. Ellers er det mange som no satsar på å jobbe med medisinsk fysikk innan helsevesenet. Då kan du for eksempel jobbe med å handtere eller utvikle teknologi som nyttast i medisinsk diagnostikk eller i terapi, som strålebehandling av kreft.

Fysikarar har mykje å velje mellom på jobbmarknaden.

– Fysikarar er gode på problemløysing, og kan vere viktige i den teknologiske utviklinga som foregår på omtrent alle samfunnsområder. For eksempel kan jobbar som er risikofylte, gjerast tryggare ved bruk av robotar, og mange bedrifter ønsker folk som kan vere med på å utvikle dette. Med ein bachelor i fysikk kan du gå vidare til å velje både meir tekniske og teoretiske videreutdanningar eller masterprogram. Det er ei veldig allsidig utdanning.

– Det viktigaste er å vere interessert

Ein av fordelene med å velje ei rein fysikk-utdanning, er at ein kan jobbe innan mange ulike områder etter endt utdanning, seier Ingunn.

– For meg er dette verdas kulaste grad å ta. Ved å studere dei grunnleggande vitskapane, som fysikk, går ein djupt inn i faget. Viss du ikkje veit heilt kva du har lyst til, men likar matte og fysikk, er dette ein bra plass å starte. Du kan også lett gå over til andre studier, viss du skulle ombestemme deg undervegs.

Ein må ikkje ha toppkarakter i alle realfag, men ein bør vere komfortabel med realfagsmatematikken frå videregåande for å få godt utbytte av studiet, meiner ho.

– Sjølv om matematikk ikkje er yndlingsfaget ditt, så er det å bruke matematikk i fysikk veldig spennande. Første semester er det ein del basiskunnskap som skal på plass, men etter kvart får du spesialisere deg og sjølv velje det du er mest interessert i. Du må ikkje vere best i alle fag frå videregåande skule, berre du er interessert.