Hjem

Utdanning

Nyheter

Dette bør du vite om geologi-studiet

– Det kjekkaste med geologi-studiet er at det er veldig praktisk, med feltarbeid og ekskursjonar i nesten alle fag, seier student Dina Hauge.

Geologi

Dina Hauge studerer geologi
STUDERER GEOLOGI: – Når folk høyrer om geologi, tenker dei gjerne olje - og det er det. Men geologi er mykje meir enn olje. Med klimaendringar og mykje meir ekstrem nedbør som forårsakar skred og flaum, er det bruk for geologar som kan vere med på sikre og førebygge.

– Det er veldig kjekt å sjå ting me har lært om i forelesingane ute på feltarbeid. Ein får ei anna tilnærming til faget, seier Dina Hauge.

Ho er student på bachelorprogram i geovitskap, med studieretning geologi. Det er eit studium som er kjent for det gode sosiale miljøet, seier ho.

– Alle dei praktiske øvingane og ekskursjonane er nok ein viktig grunn til det. Me blir veldig godt kjent med både medstudentar og professorar, og me lærer å samarbeide med forskjellige folk, ikkje berre dei me er mest med. Det er viktig for alle jobbar ein skal ha i framtida, seier Dina.

Feltarbeid og ekskursjonar

Nyleg var studentane på feltkurs i Spania, men dei reiser også mykje rundt i Norge, spesielt i Oslo-området og på Vestlandet.

– Me har mellom anna undersøkt gamle gruver og vore på tokt i Fanafjorden, der me fekk sjå korleis ein jobbar med å hente inn prøvar og analysere desse for å sjå historia til fjorden. Då kan ein sjå kva underjordiske skred som har gått, og på is-avsetningmateriale som ein kan bruke for å finne ut meir om istidene i området.

– Mange som begynner på studiet tykkjer realfaga fyste semester er litt tunge, men det er berre å glede seg til andre semester, for frå der av er det mykje praktiske øvingar og feltarbeid, seier Dina

Blir tatt godt imot

Dina kjende ingen då ho starta opp som fersk student på studiet. 

– Eg såg berre eitt kjent ansikt på heile kullet, og ingen på mitt eige studie, men det gjekk heilt fint. Det fleste kjenner ingen når dei begynner, så alle er like nervøse. MatNat har eit veldig godt opplegg for å ta i mot nye studentar og gjere overgangen frå vidaregåande skule til studiet lettast mogleg. I staden for at kullet berre møtest på forelesingar og i fadderveka, har me quizar, bli-kjent leikar, omsyning og innføring i kva ein må hugse på som ny student. Det var veldig artig.

Sjølve faga kjende ho lite til då ho starta opp. 

– Eg hadde ikkje geofag på vgs, så det einaste eg visste var det vesle me hadde i geografi om fossil og jordas oppbygging. Me lærer om korleis jorda blei danna og har utvikla seg fram til i dag, og kva som vil skje framover. For eksempel lærer me om korleis ein kan studere isbrear for å sjå korleis klimaet har vore tidlegare.

Kva skal du bli?

Planen vidare er å søke på eit av masterprogramma, og kanskje jobbe med tunnelar, vegbygging, ras eller sikring.

– Det er så mykje ein kan gjere. Å jobbe med å førebygge ras verkar spennande. I Norge har me mykje fjell, og landskapet set grenser for infrastrukturen. Me må vite kvar me kan bu trygt og lage vegar, og då treng ein geologar som kan ta slike vurderingar.

Mange geologar får jobb i oljenæringa. Men det stoppar ikkje der.

– Når folk høyrer om geologi, tenker dei gjerne olje - og det er det. Men geologi er mykje meir enn olje. Med klimaendringar og mykje meir ekstrem nedbør som forårsakar skred og flaum, er det bruk for geologar som kan vere med på sikre og førebygge. Vasskraft og olje har vore gode måtar å skaffe energi på, og me har kanskje ikkje brukt moglegheita til å utnytte andre typar energi som bølgjekraft eller jordvarme. I framtida kan dette bli energikjelder me får meir nytte av, og dette kan geologar bidra til å finne ut av.

Så du er ikkje uroa for jobbmoglegheitene, med tanke på endringane i oljebransjen?

– Nei, eg er ikkje veldig redd for det. Det er klart at oljen har gått dårleg, og difor søker fleire på dei andre jobbane, men mange selskap satsar no meir på fornybar energi. Me kan komme på banen på andre område enn olje, for eksempel i klimaproblematikken.

Kven vil du seie geovitenskap-studiet er for?

– Alle som er litt interesserte i naturen og jorda. Det går veldig mange friluftslivinteresserte folk på studiet, som gjerne vil vere mykje ute både på studiet og når dei begynner å jobbe. Men generelt, folk som likar naturvitskaplege fag, bør verkeleg vurdere dette studiet.