Hjem

Utdanning

Molekylærbiologi

Eit fag som opner dører

Studiet om prosessane som definerar det som er i live.

matnat24.jpg

MANGE VAL: Stian Torset tenkjer anten klinisk eller klimaforsking for framtida i molekylærebiologien.
MANGE VAL: Stian Torset tenkjer anten klinisk eller klimaforsking for framtida i molekylærebiologien.

– Ikkje lat deg lure, om forkunnskapane kjem frå biologi eller kjemi er ikkje det viktigaste, seier Stian Torset, bachelorstudent i molekylærbiologi.

– Begge har visse fordelar. Om ein er fagleg interessert i kjemi, men likar arbeidsoppgåver frå livsvitenskapane – om du er meir interessert i kvifor det er sånn, kva som styrar heile greia meir enn kva effekten er, då er molekylærbiologi noko for deg.

Han var usikker etter vidaregåande, men tok eit år i militæret først. Overgangen frå elev til student gjekk gradvis, men Stian påpeiker kor viktig det er å spørje dei andre elevane rundt deg. Studentar som har gått faga før er ei kjelde til innsideinformasjon om studiet:

– Spør kulla over deg om kva som fungerar! Det er ikkje ein skam å ikkje vite korleis ein skal lære. Å gjere det feil er tilnærma forventa, ein må lære å falle før ein lærar å gå på ski.

Eit fag som opner mange dører

Stian har ei interesse for mykje innanfor faget – dei biokjemiske prosessane som definerar det som er i live, men det står mellom å arbeide klinisk og å gå inn i klimaforskninga. Forskarvegen er uansett målet – korleis kan prosessar i cella brukast til å gjere liva våre betre – anten via kreftforskning, matforsyning, industri eller klima.

– Det er problemet, eg synest alt er kjempespennande. Spesifikt er eg veldig glad i anvendt genetikk, der er det veldig mykje spennande som skjer i verdssamfunnet. Det er mange vitskaplege og etiske spørsmål.

Han har skrive seg opp på toktlista til UiB med håp om å få vere med til Atlanterhavsryggen og undersøke livet under ekstreme forhold. Målet er ei masteroppgåve.

– Men det er også ein av fordelane med bachelorgrad i molekylærbiologi, det er ein av bachelorane som opnar mest dørar. Det vil variere med valfaga du tek, men du kan gå master i biologi, geobiologi, nanoteknologi, biomedisin, det er verkeleg opent!

Tre tips til nye studentar

Om Stian skulle kome med tre tips til nye studentar ved molekylærbiologi er det dette:

– Bli kjend med folk utanfor graden din! I fadderveka blir ein kjend med folk i faggruppa si, men å bli kjend med folk i faglinjer som likner, men ikkje er det same, er veldig nyttig. For molekylærbiologi blir det kjemi og nanoteknologi. Sidan det er ganske likt er det gull å ha når ein er på jakt etter valfag.

– Bli involvert! Ikkje berre gå på vaffelfredag, men faktisk involvere seg og ta verv, og vere svolten etter å vere ein del av det, er viktig. Det kan sjølvsagt vere CV-bling utan like, men det har også ei god effekt på universitetet og samhaldet generelt. Engasjerte menneske er ekstremt viktig.

– Ikkje skei ut på maten! Ein tenkjer ikkje alltid over korleis ein behandlar kroppen påverkar korleis hjernen fungerar. Ingen lagar mat til deg lengre, og eg bur i same bygget som ei kebabsjappe, det er krise. Som vgs.elev som bur heime er det viktig å lære seg å lage mat når framleis ein bur heime. ligg du mange steg framfor alle andre.