Hjem
Utdanning
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Generell studiekompetanse er den vanlegaste måten å verte kvalifisert til grunnstudiar ved UiB.

Hovedinnhold

Vanlege vegar til generell studiekompetanse

Les meir og sjå fleire måtar å få generell studiekompetanse på hos Samordna opptak.

Unntak frå kravet - Dispensasjon 

Du kan i heilt spesielle tilfelle få innvilga unntak frå kravet om generell studiekompetanse.

Kven kan søkje om dispensasjon

  • Du har ikkje generell studiekompetanse
  • Du har dokumentasjon frå sakkyndig på at du ikkje klarar å oppnå generell studiekompetanse. Eit eksempel på grunnlag for å søkje dispensasjon er at du ikkje har greidd faget matematikk grunna dyskalkuli.

Korleis søkje om dispensasjon

Du må levere inn dokumentasjon på følgjande:

  • Eit eige søknadsbrev om dispensasjon der du kort forklarer kvifor du søkjer om dispensasjon.
  • Dokumentasjon frå sakkunnig (til dømes lege, anna helsepersonell, PPT eller liknande) som viser at det ikkje har vore mogleg for deg å fullføre fag som trengs for å oppnå generell studiekompetanse.
  • Kompetansebevis med alle faga du har tatt. Legg også ved kompetansebevis for fag du ikkje har bestått.
  • Ved søknad om enkeltemne: Skjema med liste over aktuelle emne

Korleis vurderer vi søknaden din

  1. Vi vurderer først om du kan få innvilga dispensasjon.
  2. Viss ja, vurderer vi om du har faglege forutsetningar for å gjennomføre det studiet du har søkt på.
    • Alle studiar krev at du har norsk og engelsk på nivå med generell studiekompetanse.
    • Nokre studiar krev at du dekkjer spesielle opptakskrav.
    • Nokre studiar har andre faglege krav.
  3. Til slutt vurderer vi om du når opp i konkurransen med dei andre søkjarane og får tilbod om studieplass.

Dersom du får opptak på grunnlag av dispensasjon, gjeld det berre for dette eine opptaket. Søkjer du høgare utdanning igjen på eit anna tidspunkt, må du også søkje dispensasjon på nytt. Saksbehandlar gjer då ei ny vurdering av søknaden din.

Meir informasjon om opptak til grunnstudium på grunnlag av dispensasjon og individuell vurdering (samordnaopptak.no). Søknad om dispensasjon må ikkje forvekslast med særskilt vurdering.

Unntak frå kravet - Realkompetanse (fra og med 25 år)

Om du ikkje har generell studiekompetanse, men fyller 25 år eller meir i søknadsåret, kan du søkje opptak på grunnlag av realkompetansen din.

Kva er realkompetanse?

Realkompetanse er den kunnskapen og dei erfaringane ein har skaffa seg gjennom lønna arbeid, eller gjennom arbeid utan lønn. Realkompetansen kan òg komme frå utdanning eller organisasjonserfaring. Erfaringa må vere relevant for det studiet ein ønskjer å søkje opptak på.

Norsk- og engelskkunnskapar

Du må dokumentere kunnskapar i norsk og engelsk som er tilstrekkelige for det enkelte studium, normalt dokumentert med fag tatt i vidaregåande skule. Søkjarar kan òg dokumentere kunnskapar i norsk og engelsk på andre måtar.

Krav om praksis

Du må dokumentere minimum fem års fulltidspraksis, eller ein kombinasjon av praksis og utdanning. For søkjarar med særleg relevant praksis eller utdanning kan ein gjere unntak frå 5-årskravet. Søkjarar som ikkje har hatt høve til å gjennomføre praksis (til dømes på grunn av sjukdom eller liknande) kan søkje om unntak frå 5-årskravet. Du dokumenterer arbeidspraksis med attest der varigheita og omfanget (i timar per veke eller stillingsprosent) av arbeidet går fram.

Slik dokumenterer du realkompetansen din

  • Vitnemål og karakterutskriftar
  • Attest frå arbeids- og organisasjonsarbeid - må innehalde stillingsprosent, start- og sluttidspunkt
  • Eigne skriftlege arbeid
  • Ved søknad til det samordna opptaket: Eigenerklæring
  • Ved søknad om enkeltemne: Skjema med liste over aktuelle emne
  • Særskilde opptakskrav: Ver merksam på at realkompetansesøkjarar også må dekke særskilde opptakskrav. 

Opptak med generell studiekompetanse som opptakskrav