Hjem

Utdanning

Hvor langt vil du?

Grader

Sett saman eit studieløp som passar deg. Mange finn først ut i det femte semesteret at dei har lyst til å gå vidare til eit masterprogram, medan andre veit frå dag éin at dei ønsker å ta ein doktorgrad.

Bachelorprogram

Eit bachelorprogram er som regel treårig (180 studiepoeng) og gir deg god grunnleggande kjennskap til eitt eller fleire fagområde. UiB har rundt 75 ulike bachelor­program. Nokre av dei er fastlagde løp, men mange av ­programma har også eit heilt år «valfrie emne» der du sjølv ­avgjer kva du ønsker å lære meir om. Du kan for eksempel ta økonomiemne i kunsthistorieutdanninga di om du vurderer ein karriere innanfor kultur­administrasjon. Dersom du har begynt på eit studieprogram, men finn ut at du ønsker å byte til noko anna, er intern overgang mogeleg på dei fleste studieprogram. Spør informasjonssenteret ved fakultetet ditt om korleis du går fram.

Masterprogram

Eit masterprogram er eit toårig studium (120 studie­poeng) som bygger på bachelorgraden. Ved å ta eit master­program får du ei ettertrakta blanding av brei akademisk kompetanse og fagleg spesialisering. På masternivå får du verkeleg fordjupe deg i faget. Ein mastergrad gir deg ettertrakta kompetanse og endå fleire karrieremogelegheiter enn bachelorgraden.

Integrert masterprogram

Eit integrert masterprogram er femårig og fører fram til ein mastergrad, utan at du treng å ta ein bachelor først. Eksempel på integrerte masterprogram ved UiB er farmasi, odontologi og musikk­terapi.

Sivilingeniør

Universitetet i Bergen har fire ulike femårige integrerte masterprogram i energi, havbruk og sjømat, havteknologi og medisinsk teknologi som gir deg sivilingeniørkompetanse. Det betyr at du får kunnskap om leiing, økonomi og programmering - i tillegg til dei grunnleggande realfagene.

Profesjonsstudium

Profesjonsstudium er faste utdanningar som rettar seg mot spesifikke yrke i samfunnet. Dei fleste profesjonsstudia er seksårige og fører fram til ein mastergrad. Etter avslutta utdanning får du altså ein spesifikk og ofte beskytta yrkestittel eller autorisasjon. Eksempel på profesjonsstudium ved UiB er medisin og psykologi.

Årsstudium

Eit årsstudium gir deg studierett ved UiB i eitt år med fulltidsstudium (60 studiepoeng). Dette studiet passar for deg som ikkje har planar om å ta ein grad, men berre har tenkt å studere ved UiB i eitt år.

Praktisk-pedagogisk utdanning

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er et studium for deg som har utdanning fra universitet og/eller høgskole, og som vil utdanne deg til å bli lærer. PPU går over ett studieår og kvalifiserer deg til å undervise i ungdomsskole og videregående skole. Ved å ta PPU lærer du å planlegge, tilrettelegge, gjennomføre og vurdere undervisning. Studiet gir deg teoretisk forståelse og kunnskap om læring og praktiske, pedagogiske erfaringer og evner.

Forskarutdanning

UiB er eit forskingsuniversitet med internasjonal profil. Du kan ta forskarutdanning (ph.d.) innanfor desse fagområda: humaniora, juss, naturvitskap, medisin, odontologi og andre helsefag, psykologi og samfunnsvitskap. Du vil ha høve til å utføre både disiplinær og tverrfagleg forsking. Ph.d.-­graden bygger på mastergraden og har ei normert tidsramme på tre år.