Hjem

Studentsider

Val av universitet

Før du søker anbefaler vi at du tek ein prat med studierettleiar ved instituttet/fakultetet ditt.

Då kan du få informasjon om kva universitet som vert anbefalt for akkurat ditt studieprogram, og når det er anbefalt å reise ut. Kvart institutt/fakultet har valt ut ein eller fleire institusjonar for å finne dei kursa som passar best for sine studentar, for å få best mogleg internasjonal kompetanse.

Sjå kven du kan kontakte ved ditt fakultet.

Du må kunne følge undervisninga og bestå eksamen i vertslandet for å få opphaldet godkjent. Difor er det sjølvsagt ein fordel å reise til eit land der du meistrar språket eller eit universitet der dei gir undervisning på engelsk. Eit utvekslingsopphald kan også vere eit gildt høve til børste støvet av eit anna språk enn engelsk.

Du kan reise ut gjennom følgjande avtalar/program:

  • Utveksling i Norden: Nordplus og Nordlys
  • Utveksling i Europa: Erasmus-programmet
  • Utveksling utanfor Europa: bilaterale avtalar (med eitpar unntak)
  • Nettverksavtalar (utanom Nordplus og Nordlys): Australean European Network og Mid-America Universities International
  • Sommarkurs: Utrecht-nettverket og Nordic Centre i India og Kina. MERK! Desse kursa søkjer ein ikkje på gjennom Søknadsweb. Meir informasjon om søknadsprosedyre finn du på sida til kvar enkelt sommarskule.

Til oversikt over alle utvekslingsavtalar