Hjem

Studentsider

Erasmus utveksling i Europa

Bli utvekslingsstudent og reis ut på ein av UiB sine erasmusavtalar med erasmusstipend! UiB har over 700 erasmusavtalar med over 300 ulike universitet.

Erasmus+ er det største programmet for samarbeid innan utdanning i Europa. Erasmus+ blir finansiert av Den europeiske union (EU) og det er knytta ei eiga stipendordning til programmet. UiB har deltatt i Erasmus-samarbeidet sidan 1992 og det reiser no ut rundt 200 Erasmus-studentar i året frå UiB.

EU-landa, EØS-landa Noreg, Island og Liechtenstein, Makedonia og Tyrkia deltar i Erasmus-programmet. Ønskjer du å studere ved eit universitet i eit av desse landa, vil det som oftast løne seg å reise ut gjennom Erasmus+. Her er nokre av fordelane:

·     Du får eit Erasmus-stipend på 350 eller 400 Euro per stipendmånad

·     Du betalar ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet

·     Vertsuniversitetet hjelper deg ofte med å skaffe bustad

·     Mange universitet arrangerer eigne introduksjonsprogram for Erasmus-studentar

I Erasmus+ kan studentar dra på Erasmus-utveksling inntil tolv månadar for kvart studienivå (bachelor, master og Ph.d.). Dette betyr at du kan dra på Erasmus+ utveksling først som del av ein bachelorgrad, og så på nytt som ein del av ein mastergrad eller på Ph.d. Går du på eit profesjonsstudium, kan du reise ut totalt 24 månadar i løpet av studiet.

Søk opp eit europeisk land på UiBs avtalesider og finn ut kva lærestader du kan utveksle til gjennom Erasmus

 

Erasmusstipendet

Erasmus-studentar kan søkje om Erasmus-stipend. Stipendet er på anten 350 eller 400 Euro, avhengig av kostnadsnivået i landet:

  • 400 Euro til Austerrike, Danmark, Finland, Frankrike, Irland, Italia, Liechtenstein, Sverige og UK
  • 350 Euro til andre programland

Erasmus+ studieopphald må vare frå tre til tolv månader. Startdato kan vere fyrste undervisningsdag, men det kan også vere eit informasjons- eller velkomstmøte ol. Men merk at det ikkje kan vere opphald på meir enn nokre dagar mellom eit slikt møte eller arrangement og oppstart av undervisninga. Sluttdato er siste dagen studenten må vere til stades, på undervisning eller eksamen. Denne perioden må minimum vere på 90 dagar dersom det skal kvalifisere til Erasmus-stipend, med mindre vertsuniversitetet har ein trimesterordning med kortare semester.

Alle studentar må dokumentere lengda på opphaldet ved heimkomst.

Studentar som trekker seg må betale tilbake heile Erasmus-stipendet, med mindre dei har vore på utveksling i minimum 3 månadar, då må ein berre betale tilbake stipendet for dei månadane ein ikkje har vore på utveksling. Dersom ein vert sjuk eller må avbryte Erasmus-opphaldet av andre gode grunnar, kan ein søke Erasmus-koordinator om fritak frå å betale tilbake heile eller deler av stipendet. Legeattest må leggast ved ein slik søknad.

 

Erasmus-avtalar ved UiB

Erasmus+ avtalane er knytt til eitt eller fleire studieprogram og fagområde, og gjeld enkeltfag. Dersom det står "Sociology" på ein avtale, skal ein i utgangspunktet studere sosiologi ved vertsuniversitetet, og kan ikkje rekne med å studere språk eller fysikk der, sjølv om det hender at ein kan ta enkeltfag innen andre fagfelt. Om du skal ta frie studiepoeng i graden din, kan du likevel søke på eit anna studieprogram sine avtalar så lenge du skal studere det faget avtalen gjeld for. Men husk at dersom det blir konkurranse om plassane, vil instituttets eigne studentar bli prioriterte.

Viss du vil reise ut i vårsemesteret er det mogleg at nokre av studieplassane allereie er fordelte. Spesielt gjeld dette studieplassar i Storbritannia og storbyar som Berlin, Barcelona, London og Paris. Når søknadsweb opnar for å søkje om utveksling i starten av januar og august, vil du få opp ei oversikt over ledige plassar.

Alle Erasmus-studentar skal kjenne til Erasmus studentcharter, med informasjon om erasmusstudentar sine rettar og plikter. Du finn Erasmus studentcharter her, på nynorsk og bokmål.

Learning Agreement

Alle Erasmus-studentar må fylle ut ein Learning Agreement eller læringsavtale, før dei drar på utveksling. Denne skal signerast av studenten, ein representant frå instituttet ved UiB (som oftast studierettleiar) og vertsuniversitetet. Learning Agreement skal sikre at studenten får ta dei avtalte emna, og at desse emna vil bli godkjente som ein del av graden ved UiB. Studentar som skal reise på utveksling, bør starte prosessen med å finne kurs ved vertsuniversitetetet og fylle ut Learning Agreement (og søkje førehandsgodkjenning) når ein søkjer opptak ved vertsuniversitetet.

Du finn Learning Agreement her. Studentar må sjølve må fylle ut kontaktinformasjon, planlagd utvekslingsperiode, kurs ved vertsuniversitetet, språknivå i undervisningsspråket og kva kursa skal godkjennast som ved UiB. Ved å kontakte studierettleiar og vertsuniversitetet, får ein hjelp til å fylle ut resten av dokumentet. Før utreise er det berre den fyrste sida, Before the mobility, som skal fyllast ut. Når Learning Agreement er ferdig utfylt of signert av alle partar, må ein kopi sendast til Erasmuskoordinator på erasmus@uib.no

Nokre institutt/fakultet er med i eit prøveprosjekt med å bruke Online Learning Agreement. Studentane fyller ut Online Learning Agreement med den same informasjonen, og deretter vert den signert digitalt av alle parter. Tilgang til skjema og informasjon finn du her.

 

Språk i Erasmus

I Erasmus-avtalen står det kva for språknivå universiteta krev at studentar skal ha for å følgje undervisninga hos dei, anten i engelsk eller eit anna språk. Dei fleste universitet krev nivå B1 eller B2 frå CEFR (Common European Framework of Reference for Languages), sjå http://europass.cedefop.europa.eu/en/resources/european-language-levels-cefr

Fleire og fleire universitet i Europa har krav til dokumentasjon av språkkunnskapar for studentar som søkjer om opptak. Studenten må då stadfeste at ho/han har nok kunnskapar i språket til å kunne følgje undervisninga og avleggje eksamen på det språket undervisninga er på, om det er engelsk eller til dømes fransk, spansk eller tysk. Det er mogeleg å få bekrefta antall undervisningstimar og karakter frå vidaregående skule dersom det skulle vere naudsynt, ta i så fall kontakt med Erasmus-koordinator erasmus@uib.no

For Erasmus-studentar som reiser ut på studie- eller praksisopphald er det obligatorisk å ta to språktestar dersom mesteparten av undersvininga er på eitt av følgjande språk: Engelsk, fransk, gresk, italiensk, nederlandsk, polsk, portugisisk, spansk, tsjekkisk eller tysk. Studentane må først ta ein språktest før dei reiser på utveksling, og deretter ein mot slutten av opphaldet. Målet med testane er å måle språkleg utbytte i tillegg til falgeg utbytte av eit utvekslingsopphald.

Studentar som skal ha undervisning på skandinavisk treng ikkje å ta testen. Morsmålsbrukarar kan be om fritak frå testen.

Testane er online, og vil bli sendt ut til alle studentar sine student-epostadresser før utvekslinga. Den tar omlag 40-50 minutter, og er delt inn i fem ulike bolkar: Grammatikk, ordforråd, ord og uttrykk, lytteforståing, og tekstforståing. Etter gjennomføring får de ein e-post med resultatet av testen, i form av CEFR (Common European Framework of Reference for Languages), sjå http://europass.cedefop.europa.eu/en/resources/european-language-levels-cefr 

Studentar som scorar A1, A2 eller B1 på testen, får automatisk eit gratis on-line språkkurs som kan brukast gjennom heile utvekslingsopphaldet. Vi tilrår alle som får denne testen til å ta den i bruk. Også studentar som scorar betre enn B1 kan få tildelt kurs dersom dei ønskjer det, anten i undervisningsspråket eller i det språket som snakkast i landet.

Det er ikkje slik at studentar vil bli nekta å reise på utveksling på grunnlag av dårleg resultat på denne testen, men dei vil få tilbod om eit (frivillig) språkkurs, som nemd over. Derimot kan studentar som ikkje tek testen, risikere at dei ikkje får reise på utveksling som Erasmus-student ettersom denne testen er ein obligatorisk del av Erasmus-programmet.

 

Behov for spesiell tilrettelegging

Studentar med nedsett funksjonsevne eller kroniske sjukdommar har ofte ikkje same mogelegheiter som andre til å delta i utvekslingsaktiviteter.

Alle utdanningsinstitusjonar som deltar i Erasmus+ har forplikta seg til å leggje til rette for personer med spesielle behov eller som har ei funksjonsnedsetting.

Slik har EU definert ein person med behov for tilrettelegging: «a person with special needs; a potential participant whose individual physical, mental or health-related situation is such that his/her participation in the mobility action would not be possible without extra financial support».

Ta kontakt med studierettleiar eller Erasmuskoordinator dersom du tenkjer at dette kan gjelde deg. Då kan vi ved UiB søkje om ekstra midlar frå SIU som kan dekkje dokumenterte ekstrautgiftar knytta til utveksling. Behovet må dokumenterast gjennom legeerklæring eller lignande.

Erasmus+ praksisopphald

Erasmus praksisopphald er ei form for utveksling der du kan arbeide/få opplæring i ein organisasjon, institusjon eller bedrift. Praksisopphaldet må vare mellom to og tolv månader.

Denne utvekslinga skal på same måte som studieutveksling inngå i eit gradsstudium, anten som erstatning for obligatoriske emne eller som frie studiepoeng. Du vil få eit Erasmus-stipend på 450 eller 500 Euro per månad, avhengig av kostnadsnivået i landet (500 € til Austerrike, Danmark, Finland, Frankrike, Irland, Italia, Liechtenstein, Sverige og UK – 450 € til andre programland).

På Erasmus praksisopphald må du ha ein Training Agreement. Denne skal signerast av studenten, ein representant frå instituttet ved UiB (som oftast studierettleiar) og arbeidsplassen. Avtalen skal sikre at praksisopphaldet vil bli godkjent som ein del av studieprogrammet ved UiB. Du finn Training Agreement her.

Det er også mogeleg å reise på Erasmus+ praksisopphald etter avslutta grad.  Praksisopphaldet må avtalast og praksisavtalen signerast medan du er gradsstudent, men sjølve praksisopphaldet kan gjennomførast innan 12 måneder etter at graden er avslutta. Då gjeld samme reglar som for vanleg praksisopphald, men det er ikkje krav om at opphaldet skal inngå i graden. Det er eit tak på 12 månaders Erasmus-utveksling per gradsnivå, så dersom du allereie har vore på Erasmus-opphald på graden du avslutter, er det begrensa kva antall månader du kan få praksisstipend for.

Med få unntak har ikkje institutta på UiB avtalar med eksterne partnarar om å sende studentane sine ut på Erasmus praksisopphald. Det betyr at studenten sjølv må finne ein bedrift/organisasjon/institusjon for å gjennomføre praksisen, og søkje instituttet/fakultetet om å få praksisen godkjent som ein del av graden.

Vi har to fristar for å søkje om Erasmus+ praksisopphald og stipend: 1. juni for praksisopphald i haustsemesteret og 1. desember for praksisopphald i vårsemesteret. Søknaden må vere ein utfylt Training Agreement, eventuelt ein annan avtale mellom student, studieprogram og arbeidsgjevar, og studieprogrammet/instituttet må signere på avtalen og slik bekrefte at dei førehandsgodkjenner praksisopphaldet. Søknaden sendes erasmus@uib.no Studentar som søkjer om eit praksisopphald som skal inngå i ein grad, vil bli prioriterte dersom vi får mange søkjarar. Vi vil behandle søknadar som kjem etter fristen dersom det er meir stipendmidlar tilgjengeleg.

Du kan mellom anna søkje etter praksisplassar på desse sidene: www.erasmusintern.org (som drives av organisasjonen Erasmus Student Network, ESN) eller www.iaeste.no (The International Association for the Exchange of Students for Technical Experience). 

 

Praktisk informasjon før utreise

Dette er informasjon til deg som allereie har søkt om og blitt valt ut som utvekslingsstudent, og er meint som ei hugseliste for kva du må gjere før opphaldet som Erasmus-student.

Du blir nominert av UiB til vertsuniversitetet, men må sjølv søke om opptak der. Så snart du får beskjed frå vertsuniversitetet om at du er tatt opp, må du sende melding til Erasmus-koordinator erasmus@uib.no slik at du får tilsendt ei infopakke i posten som inneheld all videre informasjon om kva du må gjere for å få Erasmus-stipend.

Alle Erasmus-studentar skal ha ein Learning Agreement (sjå kapittel om Learning Agreement). Dette er ein avtale mellom studenten, UiB og vertsuniversitetet om kva kurs studenten skal ta, og ei stadfesting på at desse kursa vil bli godkjent av studieprogrammet ved heimkomst. Studenten må levere kopi av Learning Agreement til Erasmus-koordinator så snart alle partar har signert (studenten, UiB ved instituttet/fakultetet og vertsuniversitetet).

For å få Erasmus-stipendet, må du:

  • levere signert Learning Agreement til erasmus@uib.no
  • ta ein språktest (sjå kapittel om språktest og språkkurs)
  • signere Erasmus+ Grant Agreement som du får tilsendt i Erasmus infopakka og returnere til erasmus@uib.no

Vi betaler ut 70% av stipendet før utreise, vanlegvis i september og februar. Dei siste 30% av stipendet vert utbetalt etter heimkomst, etter at alle rapporter og dokument er levert. Du får ei påminning om dette på e-post ei stund før heimreise, med informasjon om kva som må gjerast.

Studentar som reiser på Erasmus-utveksling skal betale semesteravgift og registrere seg som utvekslingsstudent ved Universitet i Bergen under heile utanlandsopphaldet. Du har fritak frå studieavgifter ved vertsuniversitetet.