Hjem
Studentsider

Utveksling i Norden

Viss du ønskjer å studere i Norden, kan du nytte deg av Erasmusavtalar mellom UiB og nordiske universitet, eller du kan reise ut gjennom det nordiske utvekslingsprogrammet Nordplus.

Hovedinnhold


Nokre av fordelane med Erasmus+ og Nordplus:

  • Du får stipend på omlag kr. 2000,- (Erasmus) eller kr. 1500,- (Nordplus) per månad.
  • Du betalar ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet.
  • Vertsuniversitetet hjelper deg som oftast med å skaffe bustad.

Snarveg til infosida om søknadsprosessen.

Nordplus

Utvekslingsprogrammet Nordplus bygger på faglege nettverk oppretta i samarbeid mellom fagmiljø ved dei nordiske universiteta og høgskulane. I oversikta nedanfor ser du om det fins eit nettverk for ditt fagområde. Kontaktpersonen for nettverket kan fortelje deg kva universitet og høgskular du kan studere ved.

Nordplusopphaldet varer normalt frå tre til tolv månader, men kan i særskilde høve vare frå to veker til to år.

Finn Nordplus-avtalar ved å søke opp dei nordiske landa på våre nye avtalesider.

Nordlysnettverket

Viss ikkje fagmiljøet ditt deltek i noko fagleg nettverk har du høve til å reise til nordiske universitet gjennom Nordlysnettverket. Dette er eit tverrfagleg nettverk og er eit tilbod for studentar som ikkje finn passande Nordplus-nettverk for utveksling til nordiske universitet. Du søker om utveksling gjennom Nordlys på vanleg måte og skriv Nordlys i rubrikken for "avtale eller nettverk".

Erasmus+

UiB har ei rekke Erasmusavtalar med nordiske universitet.

Les meir om Erasmusutveksling her.