Hjem
Click

Utdanning

Om UiB

Studiekvardagen - kompetanse for di framtid

Å studere handlar om å vere nysgjerrig og om å søke ny kunnskap.

Ved UiB studerer du ved eit forskingsuniversitet. Dette betyr at du får nærkontakt med forskinga frå første studiedag. Dei som underviser ved universitetet er sjølve aktive forskarar. Mange av dei er heilt i verdstoppen innanfor sine fagfelt.

Som student får du sjansen til å jobbe sjølvstendig, med ein stor grad av fridom der du sjølv ofte kan organisere mykje av kvardagen din. Når du er ferdig vil du skimte ei utdanning som kan gje deg mange moglegheiter for val av jobb, og du vil kunne vise at du evner å jobbe analytisk og sjølvstedig, og kan jobbe med prosjekter over tid.

 

Læringsformer og utbytte

Som student har du stor fridom til å legge opp arbeidsdagen slik du sjølv vil. Ein kombinasjon av fore­lesingar, seminar og sjølvstudium er sentrale læringsformer på dei fleste av UiB sine studieprogram.
Forskarar som held forelesingar er viktige kjelder til kunnskap og inspirasjon. Under forelesingane blir sentrale tema og teoretiske poeng formidla til studentane, slik at du får innblikk i heilt ny forsking og akademiske tradisjonar.

Sjølvstudium på lesesalen er den aller viktigaste læringsforma, enten du skal lese artiklar, løyse likningar eller skrive eigne tekstar.

Universitetet legg opp til at studentane arbeider på eige initiativ - både aleine og i lag med andre studentar. Alle studentar får tilgang til lesesalar. Desse finn du på fakulteta, institutta, biblioteka og som eigne bygg.

I mange fag er dessutan undersøkingar ein viktig del av læringa, for eksempel labøvingar, intervju, feltarbeid og analyse av statistikk eller tekst.

 

Akademisk kompetanse

I løpet av eit universitetsstudium blir ein flink til...

  • å arbeide sjølvstendig og strukturert, og til å gjere eigne val og prioriteringar
  • å forhalde seg konstruktivt og kritisk til store mengder tekst og data

  • å innhente, tilverke, analysere og formidle informasjon, teoriar, idear, problemstillingar og løysingar

  • å arbeide saman med andre

  • god skriftleg og munnleg formidling og språklege kunnskapar

  • å planlegge og gjennomføre prosjektbasert arbeid som gjerne strekker seg over eit lengre tidsrom

 

Internasjonalt forskingssamarbeid

Mykje av forskingsarbeidet ved UiB har ein internasjonal profil. Kvart år husar universitetet ei rekke konferansar og opne gjesteforelesingar der leiande forskarar frå heile verda kjem for å vere med.

Også våre eigne forskarar reiser jamnleg ut og tar inspirasjon og ny vitskap med seg tilbake. Dette kjem studentane til gode mellom anna i form av velorientert undervisning, der også globale perspektiv blir trekte inn.

Kvalitet i fokus

UiB har fått fleire utmerkingar for kvalitet både i forsking og utdanning. I 2002 blei UiB tildelt tre senter for framifrå forsking (SFF).

I 2013 kom fleire slike senter til, og per i dag har universitetet SFF'ar innan romforsking, kreft­forsking, mødre- og barnehelse og geobiologi.

SFF-ordninga er Forskningsrådet sitt ypparste kvalitetsstempel for å synleggjere norsk forsking som også held eit internasjonalt toppnivå.