Hjem

Studentsider

Universitetet i Bergens studentlegat

UiB har ulike studentlegat som du som student kan søke på.

dsc_0154.jpg

Naturhistorisk museum
Foto:
Karoline Vårdal

Studentlegat ved UiB 

Universitetet i Bergen sine studentlegat

  • Frøken Lina Asbjørnsens Stipendiefond vert delt ut til dyktige studentar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Marine disiplinar har fyrsteprioritet.
  • Margrethe Bredal og Olaf Lies Legat vert i fyrste rekkje delt ut til studentar som les helsefag.
  • Overretssagfører N.J. Martens og hustru Gudrun Martens f. Koefoeds Legat vert delt ut til arbeidsame og dyktige studentar ved Universitetet i Bergen.
  • Sorenskriver Joachim Monssens Legat vert delt ut til dyktige studentar ved Universitetet i Bergen.
  • Fridtjof Sundts Legat, Signy og Ellert Wallendahls Legat vert delt ut til studentar ved Universitetet i Bergen.
  • Skipsreder Jacob R. Olsen og hustru Johanne Georgine Olsens legat Legatmidlene skal bidra til forskningsbaserte undervisningsmetoder og -tiltak som fremmer læring. Tiltak som bidrar til økt studiekvalitet og fremmer læring vil vektlegges.
  • Carl Johan Storetvedts Legat vert delt ut til arbeidsame og dyktige studentar på master- og doktorgradsnivå som har vist innsatsvilje og rimeleg progresjon. Legatet vert berre delt ut til same person éin gong, og søkjarar må ha eit karakternivå som kvalifiserer for Meltzerstipend.

Same person kan få tildelt stipend to gonger, men berre éin gong frå Storetvedts legat.

Kven kan søke

  • Søkjarar må vere aktive studentar ved Universitetet i Bergen (UiB) gjennom heile søknadsåret.
  • Stipend kan delast ut til søkarar som er knytt til eit årsstudium, bachelor- eller masterprogram eller eit profesjonsstudium. Stipend kan òg delast ut til studentar som skal avslutte si mastergrads- eller profesjonsutdanning i inneverande studieår. Stipendiatar kan ikkje søkje om stønad frå UiB sine studentlegat, bortsett frå Storetvedts Legat.

 

Kvalifisering til stønad

  • For å vere kvalifiserte må søkarar kunne dokumentere minimum 60 studiepoeng ved UiB med karakter B eller betre. Karakterar i førebuande prøver vert ikkje rekna med i vurderinga. Søkarar til Storetvedts Legat må ha eit karaktersnitt som samsvarar med Meltzer-kvalitet.
  • Karakterane skal vere oppnådd ved normal studieprogresjon.
     
  • Det er ikkje behov for eit motivasjonsbrev i søknaden.

Vurdering av søkjarar

  • Vidarekomne studentar skal prioriterast.
  • Ved rangering av søkjarar (under kvart fakultet) blir det mellom anna lagt vekt på følgjande:
  1. Dokumentert fagleg dugleik
  2. Særeigne tilhøve som har store følgjer for studiesituasjonen.
  3. Deltaking i styrings- og studentorgan (studentorganisasjonar, fagutval, studentpolitiske organisasjonar o.l.).
  • I tildelinga av stipenda skal det verte lagt vinn på å oppnå lik fordeling mellom kjønna. Kjønnskvotering skal verte nytta dersom søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar.

Fristar

  • 1. desember: Søknadsfristen. Søkarar må laste opp alle vedlegg i søknadssystemet. 
  • 18. januar: Innleveringsfristen for karakterutskrift med eksamenar tatt hausten i inneverande studieår. Ein kan laste opp ny karakterutskrift ved å gå inn på søknaden ein har levert, og trykkje på «Last opp oppdatert karakterutskrift».

Dokumentasjon som ikkje vert lasta opp når du leverer søknaden, vert ikkje etterspurt. Ved spørsmål om innlevering av dokumentasjon, tilrår vi søkarar å ta kontakt. Manglande dokumentasjon kan vere diskvalifiserande.

Tildeling

Søkarar som får tildelt stønad frå studentlegata, får melding på e-post 8. mars. Dei tildelte midlane vert overført direkte til studenten sin bankkonto.

Kontakt

Spørsmål kring søknad om UiB sine studentlegat, kan ein rette til Studieadministrativ avdeling: