Kulturarrangører

Bergen er ein by med mykje levande og engasjerande kultur. Som student kan du vere med å bidra i kulturmiljøet innan blant anna musikk, teater, debatt og revy.

Det er mykje takka vere engasjement blant studentar og innbyggarar at kulturtilbodet i Bergen er så stort og levande som det er. Du finn eit tilbod for dei aller fleste interesser. På scenene står musikarar, artistar, komikarar, og ikkje minst studentar. Tilbodet i byen er stort og spenner vidt.

Kvarteret og Hulen

I Bergen er det lagt til rette for at studentar kan involvere seg i - og drive - kulturliv på eiga hand. Mellom anna er Det Akademiske Kvarter drive av frivillige studentar. Huset vert kalla Kvarteret, og er studentane sitt eige kulturhus. Her finn ein ulike organisasjonar med interesse for til dømes spel, teater, konsert, film, foto og musikk.

På Kvarteret dyrkar studentane interessene sine. Året gjennom arrangerer dei førestillingar, konsertar, debattar, revyar, turneringar og mykje meir.
Konsertstaden Hulen blir òg drive av studentar på frivillig basis. Dette er ei allsidig scene for musikkentusiastar. Allereie i 1969 blei Hulen gjort om frå tilfluktsrom til klubblokale for studentane i Bergen. 

Her er nokre av studentorganisasjonane som er sentrale for studentkulturen i Bergen:


Det Akademiske Kvarter
Hulen
Bergen Realistforening
Aktive Studenters Forening
Bergen Filmklubb
AKKS Bergen