Hjem
Studentsider

Helse, tryggleik og forsikring

Her får du litt informasjon om kva du må gjere for di eiga helse og tryggleik før du reiser ut, medan du er i utlandet, og eventuelt når du kjem heim att. Du får også vite kva du skal gjere dersom du treng hjelp, til dømes i ein krisesituasjon.

Hovedinnhold

Helse og forsikring

  • Skal du opphalde deg i eit EU/EØS-land eller i Sveits bør du skaffe deg eit Europeisk helsetrygdkort frå NAV. Les meir her.
  • Norske statsborgarar som får støtte frå Lånekassen til studieopphald utanfor EU/EØS eller Sveits, får rett til stønad til helsetenester gjennom folketrygda. Du får då tilsendt trygdebevis til folkeregisteradressa di. Andre må søkje om å vere dekka av folketrygda i utlandet. Her kan du lese meir om kva dei dekkjer medan du er i utlandet.
  • Folketrygda gir deg ikkje ei fullgod forsikring. Den inkluderer ikkje reise- og ulukkesforsikring og dekkjer ikkje innbu, heimtransport ved sjukdom med meir. Vi råder deg difor på det sterkaste til å teikne ei forsikring for studium i utlandet. Kontakt ditt forsikringsselskap eller Association of Norwegian Students Abroad (ANSA) for meir informasjon om ei slik forsikring.
  • Treng du å vaksinere deg før utanlandsopphaldet? Les på Folkehelseinstituttet sine nettsider om kva som blir tilrådd for det landet du skal til. Kontakt Infeksjonsførebyggjande kontor i Bergen kommune (tlf. 55 57 78 00) eller eit anna vaksinasjonskontor. Der får du naudsynte vaksiner og rådgjeving om reisemedisin. Det kan vere lurt å ringe rundt til fleire for å forhøyre deg om prisar først. Nokre vaksiner må du ta i god tid før du reiser.
  • I enkelte land kan du risikere å bli nekta innreise eller å bli "tvangsvaksinert" på flyplassen dersom du ikkje kan dokumentere at du har tatt dei pålagde vaksinane.
  • Dersom du har ein kronisk sjukdom bør du kontakte legen din før du reiser. Er du avhengig av reseptpålagde medisinar, må du syte for å få med deg nok av desse. Det kan også vere ein fordel å få med seg ei stadfesting på engelsk på at dette er medisinar du er avhengig av, fordi dei vil kunne falle inn under narkotikalovgivinga i enkelte land.
  • Ta omsyn til helsetilstanden din når du vel studieland. Ver klar over at du ikkje er garantert tilgang til helsetenester og medisinar på same måte som i Norge.
  • Les nøye gjennom UiB si beredskapsbrosjyre til studentar som reiser ut. Samstundes oppmodar vi deg til å fylle ut pårørandeinformasjon på Studentweb.
  • Ver orientert om tilhøva i landet du reiser til.

Dette må du hugse på medan du er i utlandet:

  • Hald familien heime og UiB oppdatert om kontaktinformasjonen din (adresse, e-postadresse, telefon) og om heimreisedato.
  • Vi tilrår at du registrerer deg hjå norske myndigheiter på www.reiseregistrering.no
  • Dersom du reiser vekk i helger eller på ferie ønskjer nokre vertsuniversitet å bli oppdatert om kvar du er og når du kjem tilbake.
  • Dersom du av ein eller annan grunn vantrivst og ønskjer å avbryte utvekslingsopphaldet, snakk først med koordinatoren ved vertsuniversitetet og den administrative koordinatoren for utvekslingsavtalen ved UiB. Det er godt mogleg at noko kan gjerast for å løyse problema dine.

Hjelp når du er komen heim?

  • Har du hatt opplevingar ute som du treng du hjelp til å bearbeide når du er komen heim, kan du sjå kva Sammen kan tilby.