Hjem
Click

Utdanning

Møt oss!

Møt oss på skolebesøk

Møt UiB i ditt eige klasserom! I januar og februar reiser vi på besøk til tredjeklassar ved meir enn 170 vidaregåande skolar i Noreg. Snakk med rådgivaren din for å få vite meir om skolebesøket og når vi kjem til din skole.

I januar og februar reiser studentar frå Universitetet i Bergen rundt om i landet og fortel om studietilbod, studentliv, studentvelferd, opptakskrav, Bergen som studieby, bustad og høgare utdanning generelt. Studentrepresentantane har vore gjennom solid opplæring før dei reiser ut, slik at dei har oversikt, og kan svare på spørsmål om heile studietilbodet ved UiB.

Vinteren 2017 kjem studentar frå Universitetet i Bergen på besøk til videregåande skolar i følgande fylke:

  • Akershus
  • Aust-Agder
  • Buskerud
  • Finnmark
  • Hedmark
  • Hordaland
  • Møre og Romsdal
  • Oppland
  • Oslo
  • Rogaland
  • Sogn og Fjordane
  • Sør-Trøndelag
  • Telemark
  • Tromsø
  • Vest-Agder
  • Østfold

Her finn du meir informasjon om turneane UiB arrangerer saman med Utdanning i Bergen.