Nyhet
26.03.2010

Fødd utan ski på beina

Det blei mykje krasj, bom og bang då nærare 170 utvekslingsstudentar med variert erfaring boltra seg i bakken under årets skidag i Eikedalen.

Med stor grad av entusiasme og innsatsvilje tok studentane fatt på den slakke skibakken og satsa på ei bratt læringskurve.

– Nivået varierer frå person til person. Nokon køyrer ned bakken i fin stil, medan andre har nok med å få på seg skibindingen, seier Grete Mehling, koordinar ved Utdanning i Bergen. 

Tatt av trekket

Ved hjelp av skiinstruktørar sine gode råd var målet for fleire studentar å meistre nedfarten i den kortaste bakken. Men det var ikkje nødvendigvis nedoverbakken som baud på dagens første utfordring, det var rett og slett det å kome seg opp til toppen.

– Det vanskeligaste er eigentlig å komme seg opp trekket, seier japanske Kana Takahashi som er utvekslingsstudent ved UiB. Det er første gang ho står på snowboard.  

Takahashi har teke ein pause og diskuterar taktikken vidare med skiinstruktøren sin.

– Eg føler at det går betre etter kvart, seier ho og ser lyst på resten av skidagen.

170 studentar er med

Dei nye skientusiastane som blei verva i Eikedalen torsdag, kjem frå førti ulike land.

– Vi er svært nøgde med dagen, alt har gått som planlagt. Det har aldri vore så mange studentar med i bakken før. Årsaka til det høge talet i år at vi har teke høgde for at mange vil vere med. Fleire har takka oss for ein flott dag, og det set vi sjølvsagt stor pris på, seier leiar for Utdanning i Bergen, Michelle Greene.


Heile føremiddagen pregast av eit snublekaos i den nedste delen av skibakken. På alle kantar ligg og sit studentar i fallposisjonar. For enkelte møtast bakken med bakenden først, hendene stødig planta i snøen og skia i kryss. Likevel ser det ikkje ut til å gå utover humøret. Skrik og skrål, latter og frydefylle hyl pregar gjengen.

Gir tilbake

Snowobardinstruktør Mauricio Munera (26) har litt betre kontroll på brettet sitt enn mange av ferskingane. Han var sjølv ein av dei som forsøkte å stå på brett for første gang på skidagen for nokre år sidan:

– Eg har hatt lyst å gje noko tilbake for det eg fekk lære då, så det er derfor eg er her som instruktør i dag, seier han. Munera er nøgd med gruppa si entusiastiske haldning og deira innsatsvilje.  

- Alle er i godt humør og gjer ein god innsats. Det er ein heil gjeng som berre kastar seg utfor bakken utan å vere redde for å falle, og det gjev raske resultat, seier han.