Nyhet
29.02.2012

Kjenne framtida

– Vi lærer om lover og system i den materielle verda og får innsikt i kva som kjem til å skje i framtida, fortel Thea.

– Å studere fysikk gir innsikt i korleis verda er sett saman. Ein blir flink til å tenkje logisk, og det er noko ein kan få bruk for i alt frå forsking til administrativ leiing, seier ho. Thea visste frå ho var lita at ho ville studere astrofysikk. I dag ser ho mange moglegheiter i fysikkfaget.

Forskingsuniversitet

Dei som underviser på UiB driv også med forsking. Thea synest det er bra at dei som underviser er oppdaterte og deltek i den nyaste forskinga som blir gjort internasjonalt.
– I undervisninga møter vi så mange kunnskapsrike forskarar som verkeleg er engasjerte i det dei driv med. Om det er noko eg lurer på, kan eg ta turen innom kontoret til ein av professorane, og han eller ho svarer ivrig på det eg spør om, seier Thea.

– Dette gjer at ein får lyst til å lære mykje innan mange ulike felt. Eg har for eksempel blitt veldig nysgjerrig på partikkelfysikk. Særleg etter at vi fikk vere med på studietur til CERN i Genève, der dei har ein akselerator som sender partiklar som går nesten like raskt som lyset! Dei kan altså gjenskape tilstandar som liknar Big Bang, fortel Thea, engasjert over å ha fått ta del i eitt av dei store vitskaplege gjennombrota i 2011.

Praktisk læring
Institutt for fysikk og teknologi held til rett ved Realfagbygget på Nygårdshøyden. Avhengig av kva studentane held på med, vekslar arbeidet mellom teori og forsøk i
laboratorium.

– Allereie i det første fysikkfaget fekk vi arbeide på laben. Vi gjorde mellom anna eit forsøk med noko som heiter ninjaballar, for å vise korleis energi blir bevart og overført i kollisjonar. Slik fekk vi ballane til å sprette mykje høgare enn vi forventa, fortel Thea, som meiner forsøk gir ei breiare innsikt i kva faget handlar om.

Reknehjelp
– Det er også mykje matte i fysikk. Særleg første året. Det betyr ikkje at ein må vere kjempegod i matte for å klare seg. Eg trur det er ei vanleg misforståing at det berre er nerdane som byrjar på fysikk. Slik er det ikkje. Så lenge ein er villig til å jobbe hardt og er nysgjerrig, kan ein bli veldig flink.

Rekneverkstad er ei god hjelp for mange som studerer matematiske og naturvitskaplege fag. Her får ein hjelp til å løyse oppgåver med rettleiing frå studentar på eit høgare trinn. Thea fortel at ein heile tida blir oppfordra til å arbeide i grupper, noko som gir eit spesielt godt klassesamhald.

– Vi jobbar saman på skulen og gjer ting saman på fritida, seier ho.