Hjem

Utdanning

Lærer å formidle

Tonje studerer pedagogikk samstundes som ho tek fysikk og matte. Det gir ei heilt eiga innsikt i faga, meiner ho.

– Å lære om korleis menneske lærer nye ting, er veldig nyttig i studiekvardagen. Lektorstudentar blir særleg opptekne av korleis ein kan formidle kunnskap best mogleg.

I staden for å tenke på korleis eg kan bruke det eg har lært på eksamen, tenker eg på korleis eg kan bruke kunnskapen når eg sjølv skal undervise.
Tonje går på forelesingar og skal ta eksamen saman med dei andre som studerer fysikk og matte. I tillegg til dette følgjer ho undervisning og får studiepoeng i didaktikk og pedagogikk.

Variasjon
– Eg liker blandinga av dei tunge realistfaga, og pedagogikk som krev meir refleksjon og diskusjon. Og så får vi prøve oss som lærarar i skulen. Det er ein variert studiekvardag, seier Tonje og smiler. I dei første åra får lektorstudentane vere med på undervisninga i skulen. I løpet av det fjerde året skal dei vere ute i praksis i fleire veker. Då har studentane ansvar for undervisninga medan dei blir rettleidde av lærarane på skulen.

– Det blir veldig spennande. Eg gruer meg litt, men gler meg samstundes til å bli kasta ut i det, seier Tonje.

Inspirere
– Realfag er viktig i samfunnet fordi det er grunnlaget for til dømes teknologi og medisin. Dessutan bryt realfag med ein del vanlege oppfatningar om korleis ting heng saman. Ein blir flinkare til å tenke kritisk.
Tonje studerte først meteorologi og oseanografi, men bestemte seg så for å ta lektorutdanninga i staden.

– På éin måte har dei mista ein student, men kanskje eg  som lærar kan inspirere ti nye til å begynne?

Studentutval
Det finst fleire utval ved UiB som er med og påverkar avgjerder som vedgår studentane. Tonje har engasjert seg i fleire av desse utvala, og ho synest det er godt å kunne ha ei stemme som blir høyrd. Ein lærer dessutan mykje om korleis avgjerder blir tatt, samstundes som ein får erfaring med møte og treffer mange nye menneske.

Dei sju fjell
På fritida bruker Tonje mykje tid i fjellet. Ho er frå Sula i Møre og Romsdal og er godt van med høgder.

– Eg liker at det er så kort veg! Det er lett å gå opp på Fløyen, og eg har hatt mange sosiale turar dit. Ulriken er meir eit ekte fjell der ein må slite litt for å komme opp, og som har toppar med fantastisk utsikt. Det er òg lettvint å ta toget litt utom Bergen om ein vil gå i større fjellområde, til dømes bruke nokre dagar på ein tur over Hardangervidda.

Tekst og foto: Brita Marie Servan