Hjem

Utdanning

Medievitskap: Folk og media

– Eg likar at faget femner om dei ulike sidene ved media.­ Vi lærer om alt frå kringkastinga til sosiale medium. I byrjinga har vi eit breitt fokus, noko som hjelper oss til å finne det temaet vi ønsker å fordjupe oss i etter kvart, seier ­Marianne.

– Fyrst tenkte eg at eg ville jobbe innan media. Men no har eg tenkt meir på å jobbe med korleis ein bedrift eller organisasjon skal kommunisere med media.

Ho går andre året på medievitskap og seier at det er meir teoretisk enn dei andre medieutdanningane.

– Eg synest faget er veldig spennande og lett å knyte til eins eigen kvardag. For eksempel når ei avis skriv om ei sak, er det lett å tru at dette er den einaste sanninga. Vi lærer at det er meir komplekst, at det heile tida handlar om vinklingar av ein sak.

Undervisningsform og studievanar

Universitetet legg opp til sjølvstendig læring. Marianne har to førelesingar i veka og to seminar. – På seminara presenterer vi sjølve delar av pensum og skriv ei oppgåve kvar veke. Dette gjer at vi må sette oss inn i pensum allereie frå semesterstart, noko som kjem godt med når vi nærmar oss eksamen.

– Dessutan viser dei filmar kvar torsdag i det eine faget eg tar. Her begynner vi med å sjå gamle stumfilmar og vil nok slutte av med å sjå ein av dei aller nyaste filmane. Slik får vi ei god oversikt over filmhistoria.

Sidan studiekvardagen er ganske fri, føler Marianne at det kan vere ei utfordring å disiplinere seg sjølv. Ho pleier å lage planar for når ho skal lese og når ho skal ha pause. – Rett før eksamen brukar eg og studievenner å ha kollokvie der vi hjelper kvarandre. Vi diskuterer pensum og løyser tidlegare eksamensoppgåver saman.

Framtida
– Fyrst tenkte eg at eg ville jobbe innan media. Men no har eg tenkt meir på å jobbe med korleis ein bedrift eller organisasjon skal kommunisere med media.
Å studere medievitskap fører ikkje fram til ein særskild ­yrkestittel, men ein har stor fridom til å velje den vegen ein ønsker å gå. – Det er også det som gjer det så spennande – at ein har så mykje å velje mellom.  

Sosialt

Marianne har vore med i fagutvalet frå ho begynte å ­studere. Dette minner om eit elevråd, altså eit talerør mellom studentane og deira institutt. – Eg er særleg engasjert i å lage eit godt sosialt miljø blant studentane. Vi organiserer blant anna fagfestar og quiz.

Ho bur i eit kollektiv med tre andre, og fortel at dei pleier å laga middag saman og arrangerer filmkveldar. Dei bur litt utanfor byen, men ho tar Bybanen som går raskt og ofte. – Og så er det så kort veg til fjella herifrå. Når det er fint vêr kjem alle bergensarane ut. Då er det topp stemning i byen og kø for å komme opp til Fløyen.