Lærar på øvste hylle
Maria-Rosa valde studiet som kallast «integrert lektorutdanning med master». Det betyr at ein tar ein mastergrad, men får pedagogikk og fagdidaktikk i jamne dosar undervegs.
- Lektor er det høgaste nivået ein kan utdanne seg til lærar på, derfor valde eg lektorutdanninga
- Maria-Rosa Doublet
Utdanning: Integrerte lektorutdanninga med master i nordisk
Maria-Rosa har alltid ønska å bli lærar, og når studenttilværet skulle begynne var det fleire grunnar til at ho valde lektorutdanning.
- Lektorar har jo den mest spesialiserte og faglage tyngda, sidan ein får fordjupe seg i dei to faga ein likar aller best, seier ho, og viser til allmennlærarutdanninga, kor ein lærer «berre litt» om alt.
- Dessutan må ein være lektor for å undervise på vidaregåande skole. Eg ser for meg at arbeidskvardagen er lettare på det trinnet, smiler ho.
Norsk og historie
Språkdelen i norskfaget har lenge interessert lærarstudenten. Derfor valde ho norsk som det eine undervisningsfaget sitt.
- Norskfaget har ei fin og variert bredde i undervisninga, då det inneheld alt frå diktlesing, grammatikk, novelleskriving til filmanalyse. Det er jo eit stort fag, og dessutan inneheld faget mykje god litteratur, smilar ho.
I tillegg til norsk har ho historie som undervisningsfag.
- Historie er eit slags paraplyfag, for ein kan undervise i så mykje forskjellig dersom ein har det i fagkrinsen. Religion og samfunnsfag, for å nemne noko, opplysar lektorspira.
Jamleg påfyll av pedagogikk
Maria-Rosa valde studiet som kallast «integrert lektorutdanning med master». Det betyr at ein tar ein mastergrad, men får pedagogikk og fagdidaktikk i jamne dosar undervegs.
- Pedagogikk er eit litt flytande og teoretisk fag som handlar om korleis ein lærer. Fagdidaktikk er spesifikt knytte til dei forskjellige faga vi skal undervise i. Norsk didaktikk kan mellom anna handle om korleis få ein 14-åring til å bli interessert i norsk når han ikkje synast det er spennande i utgangspunktet, fortel ho.
Ho tykkjer begge faga er nyttige og nødvendige verktøy for ein lærar.
- Kvar haust når vi går gjennom fagdidaktikken, blir eg minna på kvifor eg studerer dette, seier Maria-Rosa, og utdjupar kva som fer gjennom hovudet hennar:
- «Åh ja, det er DIFOR eg vil bli lærar, ja. Det er difor eg studerer dette», tenkjer eg då.
Samansveisa gjeng
Dei er sytten nordisk-studentar og åtte framandspråk-studentar som går saman.
- Vi er på den eine sida ei lita klasse som blir utruleg godt kjent, vi går tross alt saman i fem år. Samtidig får vi også møtt mange andre studentar når vi går på store fellesforelesingar i til dømes historie, fortel den framtidige læraren.
- Samhaldet er godt. Vi tar som regel følgje til dei store forelesingane, og så har vi kollokvium saman etterpå. Generelt har me lærarstudentane mange kollokviar på kafé, der vi drikk altfor mykje kaffi, avsluttar ho med glimt i auget.