Hjelper med juridiske spørsmål
På studiet får Gard-Håvard får lære å bruke jusen i praksis. – Mange av sakene vi tek opp er knytt til finanskrisa og konsekvensane av denne,fortel han.
– Alle typar bedrifter treng advokatar.
- Gard-Håvard Røren
Jobb: Student ved Det juridiske fakultet, UiB
Utdanning: Profesjonsstudiet i rettsvitskap
Gard-Håvard begynte å studere jus fordi han alltid har hatt interesse for samfunnsrelaterte fag.
– Jus høyrest spennande ut, og griper inn i samfunnet på mange ulike måtar. Det var min motivasjon for å lære å praktisere jus, fortel han om studievalet sitt.
Praksis i Jussformidlinga
Gard-Håvard seier at rettsvitskap, eller jus, er eit praktisk retta studium. Han ser på det som veldig positivt.
Sjølv arbeider Gard-Håvard ved Jussformidlingen,eit tilbod til studentar som kan inngå som ein del av studiet. Jussformidlingen er ei rettshjelpeteneste som hjelper alle som ønskjer gratis, juridisk hjelp.
– Praksisen får eg integrert i studiet og den gir uteljing som studiepoeng, seier Gard-Håvard. Han er svært nøgd med ordninga.
I Jussformidlinga er det spesielt nokre saker som Gard-Håvard har fått god trening i.
– Mange av sakene er følgjer finanskrisa. Difor lærer eg mykje om til dømes arbeidsrett, fortel han.
Nær naturen
Gard-Håvard er frå austlandet og valde å studere i Bergen fordi han trengte eit sceneskifte.
– Eg var ofte i Bergen på besøk som barn og synest det er ein vakker by, fortel han.
I dag trivst Gard- Håvard godt i byen mellom dei sju fjell.
– Bergen er ikkje stor, men akkurat stor nok. Med dei talrike fritidstilboda og studentorganisasjonane gir byen inntrykk av å vere mykje større, meiner han. Sjølv likar han å nytte dei lett tilgjengelige byfjella, og er generelt glad i friluftsliv.
- Det er kort veg fra bykjernen til du er ute i naturen, enten i fjellet eller på sjøen. Det set eg stor pris på.
Ønskjer å jobbe som advokat
Studiet i rettsvitskap er eit femårig profesjonsstudium der ein blir utdanna som jurist. Det gir mange karrieremoglegheiter.
– Utdanninga mi er ganske generell. Dei fire første åra med utdanning er like for alle. I det femte året vel ein sitt hovudområde. Derfor har ein stor valfridom i forhold til kva jobbar ein kan søkje når ein skal ut i arbeidslivet, meiner han.
Gard-Håvard er ikkje sikker på kvar han vil arbeide enno,men han ønskjer å jobbe som advokat.
– Alle typar bedrifter treng advokatar, seier han.
Nye perspektiv
Gard-Håvard fortel at han gjennom studiet lærer å forstå metode og å nytte analysereiskapane som ligg til grunn for å tolke jus i praksis.
– Undervisninga består av forelesingar og ulike arbeidsgrupper der vi jobbar saman. Å jobbe i grupper er bra for å lære faget. Her diskuterar vi, får innspel og nye perspektiv på ulike saker, seier han.