Gå til innhold
English A A A

- Relatert til alt som skjer i samfunnet

Vil du vite kva politikarane eigentleg meiner når dei seier rare ting på TV? På samfunnsøkonomi lærer dei om ting som faktisk går føre seg dagleg – for eksempel i debattane på nyheitene.

Ole André Kjennerud

Ole André Kjennerud

- Vi kan arbeide med eit vidt spekter av ting, og lærar metodar som kan nyttast i alle samanhengar og som gjer at vi blir svært anvendelege.

- Ole André Kjennerud, 22 år

Jobb: Student , UiB

Utdanning: Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi

Studiet
– Samfunnsøkonomi er ei blanding av matematikk og samfunnsspørsmål. Vi lærer om kva som skjer med renta når dei og dei partia får makta og kva som skjer med aksjemarknaden. Faget er veldig relatert til alle ting i samfunnet. I politiske debattar seier jo alle politikarane veldig mykje rart, og då kan eg faktisk avgjere om det dei seier er riktig eller feil.

– Dei fleste forelesarane våre er kjempebra, og får eit keisamt fag til å verke kjempeinteressant.

– Eg har veldig lyst til å ta ein del av mastergraden min på LSE, London School of Economics, eller på ein skule i USA – Berkeley, kanskje.

Det manglar ikkje på stader å reise til.

– Vil du gå på Harvard, så kan du det. Vi har eit veldig høgt nivå internasjonalt, så det skal ikkje vere noka kunnskapsgap mellom oss og dei.

Studentliv
Ole har ingenting å utsetje på fagmiljøet.

– På bachelornivå er vi om lag 100 studentar kvart semester, og når vi berre er 100 så blir vi etter kvart kjent med alle. Vi har også studieturar som vi reiser på årleg. Vi har vore i Dublin, Budapest, Amsterdam, Berlin, London – dei store økonomiske fora.

Ole er med i Fagutvalet, Studentutvalet og ein stor internasjonal studentorganisasjon som heiter AIESEC.

– I Fagutvalet planlegg vi alt som har direkte påverknad på økonomistudentane – kva fag vi skal ha neste semester, kven som skal forelese i faga og sosiale arrangement – fotballcupar, fagfestar, faglunsjar og julebord.

– Bergen er fantastisk. Det bur 50 000 menneske i sentrum, og 25 000 av dei er studentar. Kvar einaste gong ein kjem ut er det noko som skjer, og alltid nokon ein kjenner. Og så har ein fin natur og alt i nærleiken.

På Kafé Chaos, like ved sida av SV-bygget, har dei dessutan den beste kaffien.

– Han er utruleg god, forsikrar Ole.

Framtida
Dei største jobbmoglegheitene trur han ligg innanfor forsking.

– Vi driv med analyse av effektar, for eksempel korleis renteeffekten vil påverke ting, så samfunnsøkonomi utdannar forskarar og analytikarar, rådgivarar, bedriftsleiarar, aksjemeklarar eller analytikarar for legemiddelbransjen. Mange av politikarane våre er også utdanna samfunnsøkonomar. Vi kan drive med eit vidt spekter av ting, og lærer metodar som kan nyttast i alle samanhengar og som gjer at vi blir svært anvendelege i alle yrke.