Gå til innhold
English A A A

Studiet der du kjenner igjen deg sjølv

Årsstudiet i psykologi er inngangsportalen til profesjonsstudiet. Men det er også noko du kan bruke til andre studium. Silje vil vidare på profesjonsstudiet, men årsstudiet er ein ekstra styrke uavhengig av vegen vidare, meiner ho.

Silje Røgenes

Silje Røgenes

"Det er eit veldig nyttig studium å ha for å forstå andre menneske, og for eksempel i eit serviceyrke trur eg det er veldig viktig."

- Silje Røgenes, 22 år

Jobb: Student , UiB

Utdanning: Årsstudium i psykologi

Studiet
– Tek du eit årsstudium i psykologi vil du kunne bruke det i nær sagt alle jobbar og innanfor alle yrkesgrupper. Det er eit veldig nyttig studium å ha for å forstå andre menneske, og for eksempel i eit serviceyrke trur eg det er veldig viktig.

Temaet er så interessant at det er meir ei glede enn ei plikt å setje seg ned og lese.

– Det er stoff du kan relatere veldig mykje til eigen kvardag, og du kjenner deg veldig godt igjen i det som blir teke opp. Men det er eit tungt studium å få toppkarakterar i, sjølv om myten kanskje seier noko anna.

– Det er veldig mykje sjølvstudium. Det likar eg veldig godt, men vi er også ein vennegjeng som går saman og har faste tider vi jobbar saman på.

Dersom du går profesjonsstudiet finst det moglegheiter for å ta eit studieopphald i utlandet.

– Eg har veldig lyst til å gå profesjonsstudiet og ta ein del av utdanninga utanlands. Veldig mykje av forskinga i psykologi ligg utanfor landegrensene, og det er veldig interessant det veldig mange forskarar i andre land jobbar med.

Studentliv
Det er lagt opp ein del sosialt, men med 500 studentar på eit fag som ikkje har så mange forelesingar eller noko rigid undervisningsopplegg, trur ho det er mest opp til kvar enkelt.

– Vi opererer ein del på eiga hand, og eg trur det er litt nærare fagmiljø på bachelorprogramma eller profesjonsutdanninga. Men vi lagar oss jo veldig raskt vennegrupper som finn på litt sosialt saman.

Rogalendingen trivst veldig godt i Bergen.

– Det er så varmt miljø både på universitetet og generelt, folk er veldig hyggelege og tek veldig godt imot deg. Miljøet på universitetet er veldig mangfaldig, vi har studentar frå heile verda og det blir ei smeltegryte. Og så er eg jo vestlending, og det er jo på ein måte hovudstaden min eg har kome til, ler ho.

Framtida
Det er mange som har ekstrajobbar ved sidan av studia, og det er gode moglegheiter for relevant jobberfaring.

– Eg vurderer å søkje sommarjobb i eit av dei psykiatriske behandlingstilboda på Haukeland. Veldig mange på studiet jobbar på helseinstitusjonar, gjerne på eldreheimar eller psykiatriske sjukehus. Men det er også mange som har meir normale deltidsjobbar, i butikk og tilsvarande. Men eg vil ha toppkarakterar, så eg er fulltidsstudent!