Vil forske på klima
– Eg ønskte å drive med noko som omhandler klima. Klimaforsking er nok noko eg kan tenke meg å drive med, fortel Lea.
-Eg vil drive med forsking på klima etter mastergraden fordi eg tykkjer klima er veldig spennande.
- Lea Svendsen
Jobb: Student ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Utdanning: Bachelorprogram i meteorologi og oseanografi
For å bli klimaforskar må Lea også fullføre ein mastergrad. Ho vil bli forskar fordi ho interesserar seg for klima.
– Eg synest at å tileigne seg kunnskap er gøy i seg sjølv, seier ho.
Likar matematikk
– Det var tilfeldig at eg begynte på dette studiet, eg har gjort litt forskellige ting før eg kom hit, fortel Lea.
– Eg bytta studie fordi eg sakna mattematikk.
Lea meiner at om ein ønskjer å ta denne bachelorgraden, bør ein ha interesse for realfaga.
– Studiet er lagt opp slik at ein først jobbar med å forstå matematiske formlar, som legg grunnlaget for å forstå reelle bruksmetodar og bruksområde seinare i studiet. På det 2. undervisningsåret begynner ein å studere vêrsystem, straumar i havet og kva innverknad prosessar som oppvarming sør for ekvator har å seie for oss ved høgare breiddegrader, fortel ho.
Ein vakker studentby
Lea er oppvaksen på austlandet. For studietida ønskte ho å komme seg litt vekk frå heimstaden.
– Eg valde Bergen fordi eg det er ein by som eg ofte besøkte som barn. Eg har eit godt forhold til Bergen, som eg synest er veldig vakker. Eg kan ofte gå rundt å kikke, her finnast mange fine smau og vakre bygardar, fortel Lea.
Noko av det ho er mest nøgd med er at universitetet ligg midt i sentrum.
– Bergen er i mykje større grad en studentby enn til dømes Oslo der eg studerte før. Studentane set sitt preg på byen, meiner ho.
Utfordra i kvardagen
Studina føler at ho blir fagleg utfordra i studiet.
– Det er i stor grad opp til ein sjølv kva ein får ut av studiet sitt. Ein kan segle i gjennom, eller ein kan velje å fordjupe seg.
Ho meiner at ein uansett bør ha god sjølvdisiplin til å lese og studere på eiga hand.
– Sjølv les eg ein god del, og trivst godt med det. Eg blir meir nysgjerrig jo meir eg les, seier Lea.
Styrer sin eigen studiekvardag
For Lea er det positivt å vere så fri i studiekvardagen.
– Det gjer at eg kan planlegge min eigen dag og gjere det eg har lyst til.
Studiet til Lea er lagt opp forskjellig etter kva semester ein er på og kva fag ein tek.
- Dette heng saman med at mange av faga er tekne på ulike institutt, til dømes matematikk og fysikk.
Mot slutten av studiet spesialiserar ein seg.
– Videre på masterprogrammet kan ein spesialisere seg på fire ulike felt. Sjølv kan eg tenke meg å ta ein master i klimadynamikk.
I løpet av studiet har ein høve til å reise utanlands for å studere.
– Ein kan velje mellom til dømes Svalbard eller Hawaii, der ein får høve til å studere vêrstystem i to geografisk svært ulike område, avsluttar Lea.