Studenttorg på Studentsenteret
Tysdag 17. august blir ein hendingsrik dag for alle nye og gamle studentar, for då blir den offisielle opninga av det akademiske år arrangert. Det blir ein dag med liv og røre, talar, pomp og prakt, med underhaldning og med sal av god mat. Programmet denne dagen speglar det mangfaldige studentlivet og gir deg innsyn i kva aktivitetar som finst.
Program
11.00–13.00 Studenttorg i Studentsenteret
Her finn du rundt 100 studentorganisasjonar – alt frå politiske og idealistiske organisasjonar til kor, korps, idrettslag og studentmedia. Her har du ein eineståande sjanse til å finne ut kva du vil drive med på fritida. Ikkje nøl med å ta kontakt!
13.00–14.00 Velkomstseremoni på Muséplass
Velkomstseremonien blir arrangert på Muséplass, midt i hjartet av det tradisjonsrike og ærverdige Universitetet i Bergen, med Naturhistorisk museum som naturleg kulisse.
Program
- Akademisk prosesjon - høgtideleg og tradisjonsrik
- Griegakademiet - stemningsfullt frå studentar ved Institutt for musikk
- Tale ved rektor - Sigmund Grønmo ønskjer deg velkomen
- Studentersangforeningen - høgtidsstemt korsong
- Tale ved Forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland.
- Tale ved leiaren av Studentparlamentet Synnøve M. Skaar- lytt til ein erfaren og engasjert student
- Musikalsk innslag - Overrasking!
14.00–18.00 Studenttorg i Studentsenteret
Etter velkomstseremonien held det fram med studenttorg i Studentsenteret. Dersom du blir svolten etter seremonien, vil SiB vere på plass i Studentsenteret med freistande mat og drikke til ein billig penge.