Velkomstseremoni med opning av det akademiske året
Tysdag 16. august blir ein hendingsrik dag for alle nye og gamle studentar, for då blir den offisielle opninga av det akademiske året arrangert.
Det blir ein dag med liv og røre, talar, pomp og prakt, med underhaldning og med sal av god mat. Programmet denne dagen speglar det mangfaldige studentlivet og gir deg innsyn i kva aktivitetar som finst.
Program
11.00 - 13.00 Studenttorg i Studentsenteret
Her finn du rundt 100 studentorganisasjonar – alt frå politiske og idealistiske organisasjonar til kor, korps, idrettslag og studentmedia. Her har du ein eineståande sjanse til å finne ut kva du vil drive med på fritida. Ikkje nøl med å ta kontakt!
13.00–14.00 Velkomstseremoni på Muséplass
Velkomstseremonien blir arrangert på Muséplass, midt i hjartet av det tradisjonsrike og ærverdige Universitetet i Bergen, med Naturhistorisk museum som naturleg kulisse.
Program
- Trompetistar frå Griegakademiet spelar inn den akademiske prosesjon
- Markering i samband med terrohandlingane 22. juli 2011
- Stille i eitt minutt
- "Til ungdommen" ved Studentersangforeningen og Arme Riddere
- Tale ved rektor Sigmund Grønmo
- "Gaudeamus igitur" ved Studentersangforeningen og Arme Riddere
- Velkomsthelsing ved ordfører Gunnar Bakke
- Tale ved professor Gudmund Hernes
- ”March for timpani” (pauker) ved Alexander Raknes Ulriksen fra Griegakademiet
- Tale ved leiar for Studentparlamentet Tine Blomfeldt
- Fanfare ved trompetister frå Griegakademiet
14.00-16.00 Studenttorg i Studentsenteret
Etter velkomstseremonien held det fram med studenttorg i Studentsenteret. Dersom du blir svolten etter seremonien, vil SiB vere på plass i Studentsenteret med freistande mat og drikke til ein billig penge.
Åpningen av det akademiske år 2009 ble for første gang markert med velkomstseremoni på Muséplass.
Sist endret: 21.3.2012
Relevante lenker
- Studiestart
- Velkomstseremoni