Gå til innhold
English A A A

Vaksinasjonstilbod mot svineinfluensa for studentar


Universitetet vil nytte Bergen kommunes mobile vaksinasjonseining og tilbyr alle UiBs studentar vaksine 13. og 14. januar. Ved vaksinestasjonen blir det gitt vaksine mot influensa A(H1N1) – svineinfluensa.

Tal frå Bergen legevakt viser at meir enn tre fjerdedelar av dei som har blitt sjuke av svineinfluensa er under 30 år. Gruppa mellom 20 og 29 år har lav vaksinasjonsdekning og er derfor dårlig beskytta dersom det skulle komme en ny bølgje av sjukdommen, viser tal frå Nasjonalt folkehelseinstitutt.

Stad

  • Studentsenteret, Aerobic-salen i 2. etasje

Tidspunkt for vaksinering

  • Onsdag 13. januar kl 10.00 – 15.00
  • Torsdag 14. januar kl 10.00 – 15.00

Dei som skal vaksinerast må ta med

  • 50 kroner til eigendel (bankkort eller kontant)
  • Førdselsnummer (11 siffer)

Du bør ha spist i løpet av dei to siste timane før vaksinering.

Ta gjerne på kle som gjev vaksinatøren lett tilgang til overarm. Det må påreknast noko ventetid. Etter vaksinering må du vente 20 minutter i lokalet for observasjon.

Bergen kommune har også eit omfattande vaksinetilbod for innbyggjarane i byen og oversikt over fastlegar som tilbyr vaksine.

Les meir på kommunen sine nettsider, der det også finnast informasjonsfakta om vaksinen: www.bergen.kommune.no/svineinfluensa

Det visast også til helsemyndigheitene sine nettsider om pandemien: www.pandemi.no

Sist endret: 13.1.2010

Relevante lenker