Hjem

Etter- og videreutdanning

Semesteravgift for etter- og videreutdanning

Semesteravgift

For emne på mindre enn 15 studiepoeng skal ein ikkje betale semesteravgift.

For emne på 15 studiepoeng eller meir skal ein betale semesteravgift til Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) i eksamenssemesteret. Det er ulike reglar for emne med- og utan studieavgift:

Emne på 15 studiepoeng eller meir - med studieavgift

Semesteravgift for eitt semester er inkludert i studieavgifta, og blir betalt inn for deg i eksamenssemestret. Går emnet over to semester, til dømes haust og vår, så er det berre i det andre semestret (eksamenssemestret) at semesteravgifta vert dekt. Ynskjer du semesterkvittering for det første semesteret òg, må du betale inn semesteravgift sjølv.

Emne på 15 studiepoeng eller meir  - utan studieavgift

Du må sjølv betale semesteravgift til Studentsamskipnaden i det semestret du skal ta eksamen. Du vil få melding i e-post med stadfesting av opptak dersom dette gjeld for deg.

Semesterkvittering

Du kan laste ned semesterkvittering for betalt semesteravgift til mobiltelefonen din.

Studentkort

Ynskjer du studentkort med bilete, kan du få dette ved personleg oppmøte på Kortsenteret på Studentsenteret i Parkveien 1.