Hjem

Etter- og videreutdanning

Eksamen

Eksamensoppmelding

Som deltakar på kurs med studiepoeng, vert du automatisk oppmeldt til den eksamenen som høyrer til kurset du deltek på.

Eksamensstad

Eksamensstad er Universitetet i Bergen. For enkelte kurs kan det vere høve til å avleggje eksamen eksternt etter søknad. Nærmare informasjon om vilkåra for dette vert i så fall gjeve i kursomtalen for det aktuelle kurset og på nettsidene for kurset.

Ekstern eksamen - skriftleg og munnleg

For mange kurs med skriftleg skuleeksamen ved Universitetet i Bergen er det mogleg å søkje om å avleggje eksamen eksternt, det vil seie nær der ein bur. Også for enkelte kurs med munnleg eksamen kan dette vere aktuelt.

Det vil seie at kursdeltakarar som ikkje bur nær Bergen kan få høve til å ta eksamen ved ein lokal vidaregåande skule, høgskule eller universitet, eventuelt ved ein ambassade i utlandet. Som kursdeltakar må du sjølv ta kontakt med skulen eller ambassaden og få stadfesta at dei vil arrangere eksamen. Det er utarbeidd eigne retningsliner og skjema for dette som du vil finne på Mitt UiB etter kursstart. 

Deltakarar med heimeadresse i desse hordalandskommunane vert ikkje gitt høve til å søkje om ekstern eksamen: Askøy, Austrheim, Bergen, Fjell, Fusa, Kvam, Lindås, Masfjorden, Meland, Os, Osterøy, Radøy, Samnanger, Sund, Vaksdal, Voss, Øygarden.

Utgifter i samband med ekstern eksamen inngår ikkje i studieavgifta. Deltakarar må sjølv dekke eventuelle omkostningar (eksamensvakter, leige av lokale, osb.) direkte til den lokale eksamensarrangøren.

Det vil gå fram av kursomtalen om det aktuelle kurset gjev tilgang til ekstern eksamen.


Sjuk til eksamen eller ikkje bestått

Dersom du ikkje kan avleggje eksamen på grunn av sjukdom eller du ikkje består eksamen, vil du få høve til å avleggje ny eksamen seinare. Sjukdom må dokumenterast med legeerklæring.