Hjem

Etter- og videreutdanning

Opptakskrav

Opptakskrav og krav til dokumentasjon

Søkjarar over 25 år blir tekne opp på grunnlag av realkompetanse eller generell studiekompetanse. Ingen krav til innsending av dokumentasjon.

Søkjarar under 25 år må sende inn dokumentasjon på generell studiekompetanse.

For enkeltkurs og studieprogram kan det vere spesifisert faglege tilleggskrav om tidlegare utdanning og/eller yrkeserfaring. Informasjon om dette finn du på kurssida for det aktuelle kurset. Der finn du og lenke til søknadsskjema på EVU-web.

 

All naudsynt dokumentasjon skal sendast til:

UiB Videre
Universitetet i Bergen
Postboks 7800
N - 5020 Bergen

E-post: videre@uib.no

 

Studierett

Opptak gir studierett berre for det aktuelle kurset. Dette tyder at du som student har normale studentrettar med omsyn til eksamen og godskriving av oppnådde studiepoeng, men du har ikkje automatisk studierett til andre fag/emner.

 

Rangering av søkjarar

Dersom eit emne har eit avgrensa tal på studieplassar, vil søkjarane kunne bli rangert etter gitte kriterium. Desse kriteria finn du i kursomtalen for det aktuelle kurset. Dersom det ikkje er spesifisert slike kriterium, vil søkjarar som elles fyller dei generelle opptakskrava få tilbod om plass i den rekkefølgen søknadene er registrert.