Hjem

Etter- og videreutdanning

Søknadsfristar og -vilkår

Søknadsfristar

Søknadsfrist er medio desember for kurs som går om våren og primo august for kurs som går om hausten.
 
Enkelte kurs kan ha særskilde søknadsfristar, sjå kurssida for det aktuelle kurset. For dei alle fleste kursa må du søkje elektronisk innan søknadsfristen. Klikk "Søk plass" på kurssida


Etter at søknadsfristen er gått ut, vil vi kunne ta imot søknader fram til kursstart dersom det er ledige plassar. For å få tilbod om eventuell ledig plass, må du ta kontakt med UiB Videre, tlf: 55 58 20 40,  videre@uib.no

 

Behandling av søknaden

1. Du får kvittering på søknaden. Den vert sendt til e-postadressen du har oppgitt
2. Du får tilbod om studieplass på e-post innan omlag tre dagar etter søknadsfristen
3. Du må svare om du tek i mot tilbodet innen 14 dagar
4. Du får endeleg stadfesting på opptak til kurset etter at svarfristen er gått ut

 

Atterhald

Vi må ha eit minimum tal på deltakarar for at kurset skal kunne sette i gang. Dersom det vert for få deltakarar, kan kurset bli avlyst eller utsett. Noen kurs har også eit avgrensa tal på plassar, les meir under punktet Opptakskrav

 

Dokumentasjon

Dokumentasjon på at du har generell studiekompetanse dersom du er under 25 år og/eller fyller særskilde opptakskrav må sendast innan søknadsfristen går ut. 

UiB Videre
Universitetet i Bergen
Postboks 7800
N - 5020 Bergen

E-post: videre@uib.no