Hjem

Etter- og videreutdanning

Kontraktsvilkår

1.1.  INNHOLD OG ORGANISERING AV STUDIET

Innhald og organisering av studiet går fram av kursomtalen og emnebeskrivelse for kurset.

1.2.  RETTAR OG PLIKTER

Deltakar kan vente at Universitetet i Bergen

  • tilbyr undervisning og vurdering som er i samsvar med
    emnebeskrivelsen
  • skriv ut karakterutskrift og/eller kursbevis ved bestått studium

 Universitetet i Bergen ventar at deltakar

  • har eller skaffar seg naudsynte forkunnskapar
  • har tilstrekkelege norskkunnskapar til å følgje undervisninga dersom
    norsk ikkje er deltakaren sitt morsmål
  • set seg grundig inn i emnebeskrivelsen for kurset, som gjev dei formelle rammene for mellom anna mål og innhald i kurset og vurderingsordningar
  • set av naudsynt tid til undervisning og sjølvstudium og deltek aktivt med andre deltakarar i læringsprosessen
  • held seg oppdatert med omsyn til informasjon om kurset som vert lagt ut på
    Mitt UiB
  • held seg orientert om rettane og pliktene sine, mellom anna i høve til eksamen og sensur som vert arrangert etter Lov om universiteter og høgskoler av 1.4.2005, §§ 3-9, 3-10, 5-2, 5-3 og Forskrift om opptak, studier, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen fastsett av Universitetsstyret 16.02.2012. 


2. ATTERHALD

UiB må ha eit minimum tal på deltakarar for at kurset skal verte sett i gang. Dersom det vert for få deltakarar kan emnet verte avlyst eller utsett. Nokre kurs har også eit avgrensa tal på plassar.