Hjem

Etter- og videreutdanning

Studieavgift

Mange av vidareutdanningskursa ved Universitetet i Bergen har studieavgift. Studieavgifta er oppgitt i kursomtalen for kvart kurs.

Studieavgifta inkluderer:

  • Privilegert tilgang (brukarnamn og passord) til nettsider for kurset som inkluderer all undervisning, mellom anna førelesingar, grupper, innleveringar og andre læringsressursar.
  • Alle eksamenskostnader, dersom eksamen vert avlagt i Bergen
  • Semesteravgift for kurs på 15 studiepoeng eller meir i semesteret kurset har eksamen

Studieavgifta inkluderer ikkje:

  • Kostnader ved kjøp av lærebøker / pensumlitteratur
  • Eventuelle reise- og opphaldsutgifter i samband med eksamen eller samlingar
  • Eksamenskostnader dersom deltakar kan velje å avlegge eksamen ein annan stad enn Bergen. Les meir om høve til ekstern eksamen