Hjem

Etter- og videreutdanning

Norsk som andrespråk - Prisme

Prismestudiet rettar seg mot deg som underviser i norsk språk for barn eller vaksne med eit anna morsmål, eller som vil kvalifisere deg for slik undervisning i skulen eller i vaksenopplæringa. Studiet består av eitt emne om hausten, og to heilt nye parallelle emner i vårsemesteret. Søknadsfrist for dei nye våremna er 17. desember 2017.

prisme_smal_versjon_web.jpg

Norsk som andrespråk - Prismestudiet

Korleis er det for ein innflyttar til Noreg å lære seg norsk språk? Kvifor slit så mange med å få til dei same språktrekka, og kor mykje har morsmålet deira å seie for kor vanskeleg det er å lære seg språket? Korleis kan ein som lærar undervise i norsk på ein best mogleg måte?

Organisering og oppbygning

Prisme er eit reint nettstudium i norsk som andrespråk. Studiet går på deltid og er bygd opp av to emne på 15 + 15 studiepoeng.

I haustsemesteret tek alle emnet NORAN101-F Norsk språk som andrespråk. Frå vårsemesteret 2018 kan du velje mellom to parallelle emne om andrespråkslæring og -undervisning. Det eine emnet vil ha vekt på barn og unge, medan det andre emnet vil ha vekt på vaksne:

Begge emna vil ha ein generell del og vil kvalifisere for undervisning for alle grupper. Merk at det vil vere fagleg overlapping mellom desse to emna, slik at du ikkje kan ta begge desse og få studiepoeng for kvart av emna.

Det nye emnet retta mot vaksne språkinnlærarar er nytt og utvikla med støtte frå
Kompetanse Norge for å gje særskilt kompetanse om vaksenpedagogikk og språkinnlæring hos vaksne.

Kva for eit emne bør ein starte med?

Dersom du har tenkt å ta 15 + 15 studiepoeng kan du velje sjølv om det høver best å starte om hausten eller om våren. Dersom du startar på Prismestudiet med å ta eit av dei to våremna tilrår vi at du har- eller skaffar deg grunnleggjande kunnskapar om norsk grammatikk før du startar på emnet.

Tips til startpensum frå faglærarane

Særtrekk ved Prisme-studiet

Som nettstudium har Prisme-studiet særleg tre kjenneteikn:

  1. Studiet er intensivt: Begge emna som Prisme består av, er organiserte slik at ein lærer svært mykje på kort tid. Dette krev at ein set av ein god del tid for å lære seg fagstoffet.
     
  2. Studiet er multimediabasert: Som hjelp til å lære fagstoffet har ein ikkje berre pensumtekstar, men ei rekkje ulike typar digitale hjelpemiddel: dokument med generelle råd, skriftlege nettleksjonar, videoar, lydfiler, øvingsoppgåver med løysingsforslag og elektronisk kommunikasjon av ulikt slag.
     
  3. Studiet er gjennomorganisert: Begge emna er delte inn i sju studieeiningar på to veker som vert kalla syklusar. Alle syklusane har same arbeidsrytme, med fleire forpliktingar for studentane. Kvar onsdag kl. 19.00–21.00 skal ein delta i ei elektronisk kollokviegruppe, og i løpet av semesteret skal ein levere inn ei obligatorisk oppgåve i to versjonar etter fastsette fristar og fungere som kollokvieleiar omlag to gonger.