Gå til innhold
English A A A

Rutinar for masterstudentar ved Det psykologiske fakultet


Her har vi samla den viktigaste praktiske informasjonen som gjeld studentar på ordinære og integrerte masterprogram ved Det psykologiske fakultet.

Studenter i trapp

Studenter i trapp Foto: Paul-Erik Rosenbaum

Lesesalar

Informasjon om lesesalar, PC-stover og andre arbeidsplassar for masterstudentar ved Det psykologiske fakultet finn du på desse sidene. Hugs å sette deg godt inn i lesesalsreglementet.

Utdanningsplanen

Alle studentar på masterprogram og profesjonsstudim ved Det psykologiske fakultet skal ha ein utdanningsplan. Utdanningsplanen skal

  • bidra til eit tett og gjensidig forpliktande forhold mellom deg som student og Universitetet i Bergen
  • syne korleis universitetet legg til rette for at du som student skal nå definerte læringsmål på avtalt tid.

Utdanningsplanen omfattar to delar: ein generell del og ein spesifikk del. Den generelle delen er felles for alle masterstudentar ved UiB og omtalar generelle forhold ved studiet, og synleggjer rettar og plikter mellom deg som student og Universitetet i Bergen.
Den spesifikke delen omtalar studieprogrammet ditt meir detaljert, og inneheld òg studieløpet til kvar enkelt student. Denne delen fyller du ut via StudentWeb. I den spesifikke delen inngår òg ein rettleiingskontrakt som er ei avtale mellom student, rettleiar og styrar ved instituttet du er knytt til på master-/hovudoppgåva. Denne kontrakten skal vere fylt ut innan ein frist sett i den spesifikke delen. Kontrakten får du på instituttet.

Utdanningsplanen er gyldig så lenge du følgjer den og held deg til gjeldande reglar og forskrifter, det vil seie fire semester for ein heiltidsstudent. som heiltidsstudent er progresjonen 30 studiepoeng kvart semester. Du vil bli kalla inn til oppfølgingssamtale dersom det viser seg at du avlegg færre studiepoeng enn det som er avtalt i planen. Dersom masterprogrammet opnar for det, kan du søkje om deltidsstudium (50 %), sjå eige punkt.

Rettleiingskontrakten

Rettleiingskontrakten vert inngått når rettleiar er oppnemnd, seinast innan 15. juni / 15. desember i det andre semesteret av masterprogrammet, eller sjuande semester på profesjonsstudiet i psykologi. Kontrakten seier kven som er rettleiaren din, kor mange timar rettleiing du har krav på  og definerer elles rettar og plikter mellom rettleiar og student. Du finn kontrakten på bokmål og nynorsk på samlesida med skjema for studentar ved Det psykologiske fakultet. Sjå utfyllande reglar for Det psykologiske fakultet for meir informasjon om rettleiing på master-/hovudoppgåva.

Endring av utdanningsplan

Om du vert forseinka i studia, vil fullføre før normert tid, eller ønsker å studere på deltid, må du søkje om endring av utdanningsplanen. Fakultetet handsamer denne søknaden. Du finn skjema for å søkje om endring av utdanningsplan på samlesida med skjema for studentar ved Det psykologiske fakultet.

Permisjon frå masterstudiet

Dersom du skal søkje permisjon, må du gjere greie for årsaka til permisjonen. Dokumentasjon skal leggjast ved søknaden. Meir informasjon om permisjon frå studiet og lenke til søknadsskjema finn du på denne sida.

Opphald i utlandet

Mange fagmiljø har gode faglege kontaktar med institusjonar og fagmiljø i utlandet. Det kan vere nyttig for mange masterstudentar å planleggje eit opphald i utlandet i løpet av studietida. Psykologstudiet og einskilde masterprogram ved fakultetet legg til rette for at masterstudentar kan ta obligatoriske delar av studiet i utlandet. Informajon om delstudium i utlandet for desse studentane finn du her.

I tillegg vil mange masterstudentar arbeide med kjelder, innhenting av materiale, feltarbeid og anna knytt til masteroppgåva. Dei vil ofte ha status som gjestestudentar. Kontakt internasjonal koordinator ved fakultetet for meir informasjon. Alle studentar som reiser til utlandet i sambande med studia, må fylle ut og levere inn opplysningsskjema/eigeerklæring. Meir informasjon om dette, samt UiB sin brosjyre om tryggleik, finn du på UiB sine informasjonssider om delstudium i utlandet.

Å bruke personopplysningar i master-/hovudoppgåva

Skal du samle inn, registrere, handsame eller lagre opplysningar om personar (personopplysningar), er prosjektet ditt truleg meldepliktig. Du må då fylle ut eit meldeskjema som sende det til personvernombodet for forsking. Meldeplikta er pålagd ved lov, jf. personopplysningslova, og prosedyren med melding til Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (NSD) er vedteke av institusjonsleiinga. Du finn meir informasjon om dette på NSD sine nettsider.

Dersom du skal samle inn, registrere, handsame eller lagre helsedata, må du i følge Helseforskningsloven og Forskningsetikkloven søkje din regionale komite for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK) om førehandsgodkjenning av prosjektet ditt.

Som student har du saman med rettleiar og grunneininga ansvar for å tilstrekkeleg anonymisere sensitivt innhald i master-/hovudoppgåva di. Dersom det er mogleg å identifisere personar ut frå innhald som er underlagt teieplikt, kan oppgåva di få innsynsforbod / verte klausulert.

Økonomisk stønad

Du kan søkje fakultetet om refusjon av utlegg i samband med datainnsamling til master-/hovudoppgåva. Utlegg til reiser og/eller forbruksmateriale vert dekt med inntil 2600 kr. Bruk søknadsskjema som du finn på samlesida med skjema for studentar ved Det psykologiske fakultet.

Innlevering av master-/hovudoppgåva

Masteroppgåva skal leverast elektronisk innan gjevne fristar. Sjå emneomtalen for masteroppgåveemnet på masterprogrammet du tilhøyrer for informasjon om innleveringsfrist, omfang og utforming.

For studentar på profesjonsstudiet i psykologi gjeld to fristar for innlevering av hovudoppgåva:

  • 24. november i haustsemesteret
  • 15. april i vårsemesteret

Reglar for omfang og utforming står i emneomtalen for PSYK300/PROPSY317. Informasjon om APA-standarden finn du lenke til på Biblioteket sine nettsider.

Studentane skal levere ein elektronisk versjon av oppgåva i .pdf-format på Mi side innan den fastsette fristen. Det vil vere ei eiga innleveringsmappe for oppgåva på emnesida til det aktuelle emnet (til dømes PSYK300, LOGO350, HEFR395 osb.). Du må vere meldt til vurdering i master-/hovudoppgåva for at emnet skal vere synleg på Mi side. Ved levering på Mi side vel du om master-/hovudoppgåva skal vere tilgjengeleg og søkbar på internettet i BORA. Studentane inngår då ein avtale med BORA. Fakultetet sender den elektroniske versjonen av oppgåva vert sendt til ei kopiteneste for trykking. Det vert då trykt opp naudsynte eksemplar til sensur og til biblioteket. Om du ønskjer eit eige eksemplar av oppgåva må du sjølv syte for trykking av dette.

Har du spørsmål om innleveringa, ta kontakt med informasjonssenteret ved fakultetet.

Sist endret: 3.4.2013

Last ned filer