Hjem
Lektorutdanning
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er vegen å gå for deg som har fullført ein mastergrad og som ønskjer å bli lærar.

Suzanne og Caritha har begge studert praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) passar for deg som har høgare utdanning, og ønsker å undervise i skulen. Suzanne og Caritha har begge hatt stor glede av utdanninga.
Foto/ill.:
Mannheimer

Hovedinnhold

Kva er PPU?

PPU er eit eittårig påbyggingsstudium for deg som har ein mastergrad frå før, og som vil kvalifisere deg til å undervise frå femte trinn i grunnskulen til vidaregåande skule og vaksenopplæring.

Universitetet i Bergen tilbyr to ulike eittårige praktisk-pedagogiske utdanningar, heiltid:

PPU må ikkje bli forveksla med årsstudiet i pedagogikk, som ikkje kvalifiserer deg for læraryrket.

 

    Slik er det å ta PPU

    Caritha Håland fulgte faginteressa og begynte å studere historie, og forstod etter kvart at ho ville jobbe i skulen. – Eg hadde lyst til å bli lærar. Då var PPU det naturlege valet – og den enkle vegen.

    – Eg har blitt bevisst på ting eg tidlegare ikkje visste, til dømes korleis eg kan bruke det eg lærer i ein faktisk undervisningssituasjon, og korleis dette påverkar kven eg er, og blir, som lærar, seier Caritha. 

    – Det som slår meg med studentane som går på PPU er at dei er utruleg oppegåande menneske som kjem til å bli veldig gode lærarar, og det gjer meg håpefull for framtidas lærarar – og ikkje minst: dei elevane som skal ha desse lærarane. Og så må eg få gi ein shout out til seminarleiarane som holder utruleg høgt nivå, eg er verkeleg imponert over dei!

    Kven kan søke PPU?

    For å søke PPU treng du:

    • ein mastergrad
    • fagleg fordjuping i minst eitt undervisningsfag som UiB tilbyr fagdidaktikk i.
      • Vi gjer merksam på at det ikkje er alle emne som blir tilbydt i ein eittfagsmodell, ei oversikt finn du lenka til over
    • minimum 60 studiepoeng i undervisningsfaget/-faga
    • eit snitt på minst C i undervisningsfaget/-faga som utgjer opptaksgrunnlaget. Karaktersnittet blir rekna ut på grunnlag av dei 60 studiepoenga som gir opptak.

    Du må også levere gyldig politiattest ved semesterstart.

    Få ei vurdering av om du kan få opptak til PPU med faga dine

    Kva kan du jobbe som?

    PPU kvalifiserer deg til å undervise frå femte trinn i grunnskulen til vidaregåande skule og vaksenopplæring. Suzanne Skintveit fekk jobb som lærar før ho var ferdig med studiane. 

    – I studietida var det mange som fortalte meg at eg ikkje kom til å få jobb som lærar, men dei tok grundig feil: Det gjekk fort å få jobb, og eg hadde faktisk jobb før eg var ferdig med PPU – og gjekk rett ut i relevant jobb etter endt studie.

    – Om du har lyst til å bli lærar er det veldig fornuftig å ta dette faget, og då særleg med tanke på praksisen, seier Suzanne. – Her lærer du kva kapasitet ein har, kva ein kan klare, og her får du ein høve til å stille spørsmål. Du får gode tips til å lage undervisningsopplegg, og du oppdagar etter kvart at det å være lærar er ein stor jobb.

    Korleis søker du?

    PPU startar kvar haust og har søknadsfrist 15. april. Du kan søke via Søknadsweb frå 1. februar kvart år.