Hjem

Lærerutdanning

Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning , heiltid og deltid

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er eit eittårig påbyggingsstudium som kvalifiserer deg til arbeid som lektor eller adjunkt i den vidaregåande skole og i ungdomsskolen, viss du har studert allmenne og teoretiske fag (denne sida gjeld ikkje for PPU i musikk eller kunstfag).

Kven kan søkje PPU?

Eittårig praktisk-pedagogisk utdanning er eit påbyggingsstudium som bygger på tidlegare avlagt høgare utdanning (minst 180 studiepoeng). Du må ha minst 60 studiepoeng i to undervisningsfag for å kvalifisere til PPU- her gjeld det allmenne og teoretiske fag, som for eksempel matematikk, norsk, samfunnsfag og psykologi*. Sjå meir informasjon om undervisingsfag ved UiB og opptakskrava under.

Denne utdanninga, praktisk-pedagogisk utdanning retta mot teoretiske og allmenne fag, ligg på Det psykologiske fakultet, i samarbeid med Det humanistiske fakultet, Det samfunnsvitenskapelege fakultet og Det matematisk-naturvitenskapelege fakultet. Vi tilbyr både ein heiltids- og deltidvariant. For deltid er det førebels  berre tilbud om realfag. Les meir  om PPU deltid her.

Frå haust 2019 vil det bli innført krav om fullført mastergrad for å kome inn på PPU, både heiltid og deltid, for allmenne og teoretiske fag. Les meir om desse krava her og her.

Kvar kan du undervise?

Med ein fullført praktisk-pedagogisk utdanning kvalifiserer du til å undervise frå femte trinn på barneskulen til vidaregåande skole og vaksenopplæring.

Korleis søker du?

PPU har opptak kvar haust med søknadsfrist 15. april. Det vil bli opna for søking i Søknadsweb  frå februar 2017.  Sjå meir informasjon om søknadsprosessen under.

OBS!

Praktisk-pedagogisk utdanning må ikkje bli forveksla med det nye årsstudiet i pedagogikk. Begge studieprogramma går over eitt år, men årsstudium i pedagogikk er ikkje ei lærarutdanning.

Dette studieprogrammet tilbyr ikkje musikk eller kunst som didaktisk tilbod. Er du interessert i dette, må du søkje på det PPU-programmet i musikk/kunstfag som blir tilbode av det nye Fakultetet for kunst, musikk og design. Ta kontakt med det fakultetet for meir informasjon om deira PPU-tilbod.

Vi gjer oppmerksame på at vi heller ikkje har tilbod til søkjarar med reine økonomi/samfunnsøkonomi- eller marknadsføringsutdanningar (men desse faga kan inngå som ein del av ei matematisk- eller samfunnsfagleg utdanning). Er du ein slik søkjar, må du ta minst 30 stp samfunnsfag i tillegg for å bli tatt opp på PPU i samfunnsfag. For å vite meir om kva du fag og emne du må supplere med, send inn eit skjema for vurdering om fagbakgrunn. Sjå meir om dette i faktaboksen på høgre side.

Vi har ikkje tilbod om didaktikk i idrett, økonomi eller juss, men fleire andre fag. Oversikt over fag som blir tilbode i PPU finn du her

 

 

* Psykologi er eit unnatak- her kan ein søkjar bli tatt opp med berre psykologi, som eittfagsmodell