Opptak til praktisk-pedagogisk utdanning
Saman med fagutdanning kvalifiserer praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) til arbeid som lektor eller adjunkt i den vidaregåande skule og i grunnskulen heilt ned til og med femte trinn. PPU har opptak kvart semester.
Eittårig praktisk-pedagogisk utdanning er et påbyggingsstudium som bygger på tidlegare avlagt høgare utdanning.
Dersom du har spørsmål om praktisk-pedagogisk utdanning, kan du ta kontakt med studierettleiar på e-post.
Søknadsfrist
Søknadsfrist er 15. april for opptak til haustsemestra.
Søknadsfrist er 15. oktober for opptak til vårsemestra.
SøknadsWeb opner omlag ein månad før søknadsfristen går ut.
-
Opptaksgrunnlag for PPU
PPU byggjer på tidligare avlagt utdanning. Her får du informasjon om kva som er krevd for opptak til programmet.
-
Fagdidaktisk tilbod i PPU
For å få opptak til PPU må du ha fagleg fordjuping i fag som gir undervisningskompetanse i skulen og som universitetet tilbyr fagdidaktikk i. Her finner du ei oversikt over faga som blir undervist i det kommande semesteret.
-
Søknadsprosedyre for PPU
Opptaket til PPU blir behandla ved UiB. Her finn du informasjon om søknadsprosessen.