Søknadsprosedyre for PPU
Opptaket til PPU blir behandla ved UiB. Her finn du informasjon om søknadsprosessen.
15. april: søknadsfrist
Søknad skjer elektronisk via SøknadsWeb. All dokumentasjon skal og lastast opp på Søknadsweb. Alle som har norsk personnummer kan bruke SøknadsWeb.
Søknadsweb opnar omlag ein månad før søknadsfristen.
Når du søkjer om opptak gjennom SøknadsWeb er det viktig at du fyller ut alle felta i skjemaet med søkjaropplysningar; inkludert privat e-post, noverande adresse og telefonnummer.
Ver merksam på at du må søkje på minimum to fagdidaktikkemne som du er kvalifisert i for at søknaden din kan bli behandla (gjeld ikkje matematikk).
Du får tilsendt kvittering på mottatt søknad pr. e-post med ein gong du har sendt søknaden, og på denne kvitteringa vil det også stå opplysningar om vidare saksgang for opptaket.
Dokumentasjon
Når du søkjer på Søknadsweb, lastar du óg opp all relevant dokumentasjon i søknadsprosessen. Du skal også laste opp all utdanning frå Universitetet i Bergen. Du er sjølv ansvarleg for at all relevant dokumentasjon vert lasta opp. Høve som ikkje er dokumenterte i søknaden, vil det ikkje bli teke omsyn til. Du må laste opp:
- Orginal evt. attestert kopi av vitnemål på oppnådd bachelorgrad (eller tilsvarande grad, til dømes cand.mag.-grad). NB! Husk kopi av alle sidene av vitnemålet. Utanlandske vitnemål på andre språk enn engelsk eller skandinaviske språk må vere oversatt til eitt av dei nemnte språka av ein autorisert translatør.
- Orginal evt. attestert kopi av karakterutskrift for alle dine oppnådde eksamenar. (Leggast ved viss du fullfører ein bachelorgrad dette semesteret, eller viss desse eksamenane ikkje inngår i graden men er relevante for opptaket.)
- Kopi av eksamensmeldingar (for eksempel utskrift frå StudentWeb eller stadfesting frå lærestaden) for inneverande semester, viss du fullfører grad/forbetrar karakterane dine på opptaksgrunnlag dette semesteret.
Viss du har utdanning frå utlandet må du i tillegg laste opp:
- Emneplanar (inkludert pensum/litteraturliste) på engelsk, norsk eller anna skandinavisk språk som dokumenterer innhaldet i utdanninga.
- Utgreiing av vektingssystemet (dvs. kor mange credits/ECTS som utgjer eit fulltidsstudium) og karakterskalaen som den utanlandske lærestaden nyttar.
Viss du berre har utdanning frå utlandet må du laste opp:
- Dokumentasjon på tilstrekkelege norskkunnskapar.
Les meir om gyldig dokumentasjon på språkkrav/language requirements.
NB: Alle som får studieplass og har ekstern utdanning vil bli bedt om å framvise originale vitnemål/karakterutskrifter ved studiestart. (Ekstern utdanning = utdanning som ikkje er tatt ved Universitetet i Bergen.)
Kvittering på mottatt søknad
Du får tilsendt kvittering på mottatt søknad per e-post med ein gong du har sendt søknaden, og på denne kvitteringen vil det også stå viktige opplysningar om vidare saksgang for opptaket.
15. april: frist for omprioritering
Du kan omprioritere dine fagdidaktikkval og leggje til nye på Søknadsweb innan 15. april.
1. juli: frist for ettersending
Dersom sensur ikkje er klar innan søknadsfristen, må du laste opp dokumentasjon på dette så snart sensuren førelegg, og seinast innan 1. juli. Dette gjeld dokumentasjon for eksamenar der sensuren fell inneverande semester og attestert kopi av vitnemål (alle sider) for bachelorgrad som blir oppnådd i inneverande semester. All anna relevant dokumentasjon må lastast opp innan søknadsfristen.
NB! Søknadar frå søkarar der opptaksgrunnlag ikkje er dokumentert innan fristen vil ikkje bli behandla. Manglande dokumentasjon vil ikkje bli etterspurt. Det er søker sitt ansvar at all relevant dokumentasjon er lagt ved søknaden.
Sist endret: 30.4.2013