Gå til innhold
English A A A
19.12.2008 Idéhistorie og miljøfilosofi

Nye studietilbod i Idéhistorie og miljøfilosofi

I løpet av året har filosofane hatt ein stor gjennomgang av utdanningstilbodet ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudiet. Resultatet er blant anna eit flunkande nytt masterprogram i idéhistorie.

Pierre Bayle

Pierre Bayle var en skeptiker.

Bachelorprogrammet i idéfag har eksistert ved instituttet sidan 2002. Programmet er no lagt ned, men det har synleggjort ei stor interesse for feltet blant studentane. Dette har no resultert i ei full spesialisering innan idéhistorie, og eit masterprogram for dei studentane som vil gå vidare. Første ledd ut er det nye emnet IDH101 Sentrale brytningar i den europeiske idéhistoria.

Toleranse som utgangspunkt

- Vi tar utgangspunkt i toleranse og det som følgjer ut frå det, fortel Gro Rørstadbotten som er fagleg ansvarleg for emnet saman med Hans Marius Hansteen.

Emnet følgjer toleranseproblematikken gjennom hundreåra frå 1600-talet og framover, og tar i bruk ein del litteratur som ikkje har vore mykje lest i Noreg. Rørstadbotten trekkjer til dømes fram den franske filosofen Pierre Bayle (1647-1706) som var særleg oppteken av nettopp toleranse.

- Bayle er nærmast ukjent blant dagens filosofistudentar, men fortener så absolutt å bli meir lest, meiner Gro Rørstadbotten.

Ho fortel at både IDH101 og resten av kurstilbodet har som mål å gi eit overblikk over tankar og idéar som har prega verda men også dei konkrete verknadene dette har hatt på samfunnet. På masterprogrammet vil ein få moglegheit til å trengje djupare inn i problematikken og spesialisere seg på eit felt.

Mange potensielle idéhistoriestudentar

Vigdis Kvam, studiekonsulent ved FOF, trur at det fins mange potensielle idéhistoriestudentar i omløp.

- På emna som var knytt til idéfagsprogrammet var det et stort mangfald av studentar, alt frå ferske ex-philstudentar til folk som hadde vore i arbeidslivet i mange år, fortel Kvam.

Ho trur det blir feil å sjå det nye studietilbodet som ein konkurrent til det tradisjonelle filosofifaget, men at det totale studenttalet ved instituttet derimot vil auke.

- Vi vil nok trekkje til oss ein del studentar som ligg i grenselandet mellom filosofi og andre fag, kanskje idéhistorie er akkurat det som skal til for å få dei til å velje oss, seier Vigdis Kvam.

Filosofisk perspektiv på miljø og natur

Eit anna nytt emne ved instituttet er FIL222 Miljøfilosofi. Her skal ein ta for seg problematikk knytt til miljø og natur i eit filosofisk perspektiv. Emnet tar sikte på å auke forståinga for korleis desse spørsmåla påverkar menneska sine liv og livsvilkår i den globaliserte verda vi lever i. Undervisninga er lagt opp som førelesingar og kollokvia, og studentane får mellom anna trening i å analysere miljøpolitiske dokument.

Sist endret: 19.12.2008

Relevante studieprogram