- Tenk internasjonalt
- Målet for oss er at Internasjonal dag skal ta opp viktige globale spørsmål og problemstillingar, seier leiar for SAU, Sean Lobo.
Torsdag vart for første gang Internasjonal dag arrangert i regi av Samfunnsviternes Arbeidsutvalg (SAU) ved Det samfunnsvitskapelige fakultet (SV). Informasjonsdagen siktar på å gje studentar inspirasjon til å engasjere seg i internasjonale problemstillingar, og kanskje ta delar av studiet i utlandet.
- Vi skal bruke dagen til å opplyse studentar om opphald i utlandet, samt studie- og jobbtilbod. Vi vil avmytifisere at det er vanskeleg å reise over landegrensene. Å bu utanlands krev berre god informasjon og planlegging, meiner Lobo.
For interesserte
Studiekonsulentar frå dei ulike studieprogramma ved SV stod på stand for å informere studentane om tilbod og avtalar i utlandet. Fleire bedrifter og organisasjonar var til stades og heldt foredrag om si verksemd. Blant desse var representantar frå Utenriksdepartementet og Senter for Internasjonalisering av høyere utdannelse (SIU) til stades.
Studentane Sunniva Haugen og Maria Andvik brukar dagen sin til å bli informert om det internasjonale tema. Begge går sitt første år på bachelorprogrammet i samanliknande politikk. – Vi har enno ikkje bestemt oss for om vi vil studere i utlandet. Men dette er eit godt informasjonstilbod for interesserte, meinar dei.
Ei betre verd?
Av foredragshaldarar var blant anna professor Frank Aarebrot invitert. Hans foredrag dreia seg rundt spørsmålet om Barack Obama har endra verda, og den kontroversielle Nobelpris-tildelinga.
Ein av konklusjonane til Aarebrot er at verda kanskje har blitt betre, rett og slett fordi Bush ikkje lenger sit med makta. Påstanden blir godt teken i mot av studentane i den fullsette salen.
Sist endret: 23.2.2010
Nyheter fra Utdanning
- Hvordan bruke fritiden som student? (25.07.2013)
- Språktandem? (01.07.2013)
- UiB satser på MediaCity (07.02.2013)
- UiB-hverdagen blir digital (03.01.2013)
- Dette må du vite som UiB-søkjar (23.04.2013)
Relevante lenker
- Internasjonal erfaring – er det viktig? (18.01.2010)