Lærer å vere lærar
- Vi blir behandla som kollegaer. Leiinga tok oss inn til møte berre få dagar etter at vi begynte ved skulen. Vi føler oss veldig velkomne.
Det meiner praksisstudenten Harald Natvik (27). Karl Erik Ravn Ottesen (26) som også er i lærarpraksis ved Olsvikåsen vidaregåande skule, er einig. Lærarpraksisen er ein del av studieprogrammet PPU (Praktisk-pedagogisk utdanning). Med denne utdanninga kan Harald og Karl Erik jobbe som lærar og lektor med eit år utdanning i tillegg til sine fullførte masterstudium.
Læring gjennom praksis
- Å ha praksis som lærar er ikkje berre viktig, det er ei heilt nødvendig erfaring, meiner Lene Davøy (38). Ho er også student på PPU og er i praksis på Olsvikåsen vidaregåande. Lene har undervisningserfaring frå universitetet, men hevdar at ho likevel har mykje å lære.
- Ein kan ikkje lære klasseleiing frå ei bok, seier ho.
Lene tek PPU-programmet etter å ha vore fleire år i jobb. Karl Erik og Harald har teke programmet like etter å ha avslutta masterutdanninga. Karl Erik har fullført ein master i engelsk og Harald i historie ved Det humanistiske fakultet på UiB.
Planlegg undervisninga
- Studiet er lagt opp slik at vi skal ha om lag seksti timar undervisning fordelt på sju veker. Difor har vi mykje mindre undervisning enn lærarane som jobbar fulltid. Eit av hovudmåla med praksisen er at studentane skal delta i alt som inngår i læraryrket. Og det er mykje meir enn berre å undervise.
- Vi har tatt del i å planlegge og legge til rette for undervisninga. Dette har vore ein del av eit samarbeid slik at dei andre lærarane på trinnet har fylgd vårt undervisningsopplegg.
Karl Erik og Harald er einige i at det har blitt tatt veldig godt i mot på skulen.
– Vi har fått stor tillitt av dei andre her og trivst veldig godt i jobben, seier dei.
Lærar i ulike roller
Gjennom praksisen er det obligatorisk at studentane skal jobbe i sju veker på ein ungdomskule og sju veker på ein vidaregåande skule. Både Karl Erik, Harald og Lene har fullført praksisen på ein ungdomskule. Dei meiner det er klare skilje i lærartilveret på dei forskjellige arbeidsplassane.
- Eg synest det er meir fagleg utfordrande å jobbe på ein vidaregåande skule.
På ungdomsskulen må ein i større grad jobbe med å oppdra ungdomane, meiner Harald.
Karl Erik er einig, og synest at elevane er meir motiverte for faga på vidaregåande trinn.
- Deira motivasjonen gjev meg masse tilbake som lærar. Å undervise i engelsk for dei som har interessa, er ein takknemleg jobb, hevdar han.
Treng praktisk undervisning
I nokre av skuletimane skal studentane samarbeide om undervisninga.
– Vi fordelar oppgåvene slik at den eine styrer timen og så byter vi på det.
Ein av dei største utfordringane meiner studentane er å lage eit spennande undervisningsopplegg for klassene.
- Elevane blir fort slitne av store mengder teori og trivst med å bli aktiviserte gjennom praktiske arbeidsoppgåver, meiner studentane.
- Som lærar må ein lese elevane i kvar time for å finne ut: Kva er dei klar for no? fortel Harald. Lene er einig og meiner at ein generelt må få innsikt i kva elevane tenkjer.
- Kva fascinerar ein 16-17 åring? Eller enno vanskelegare, kva motiverar ein 16-17 –åring til å lære diktanalyse? spør Lene retorisk. Ho underviser i norsk.
Evaluerar undervisninga
Lærarjobben som studentane gjer i klassene, blir fylgd opp av ein rettleiar ved praksisstaden.
- Etter kvar veke har vi evaluering der vi diskuterar kva som gjekk bra og ikkje bra. Så forsøker vi å legge til rette for undervisninga vidare ut i frå dette, fortel Harald.
Det er ikkje reelt at studentane fylgjer undervisningsopplegget som er lagt opp time for time.
- Ein kan ikkje rekne med at undervisninga vil passe elevane kvar gong. Som lærar må ein kunne jobbe ut i frå det, meiner studentane.
Sist endret: 20.12.2011
Nyheter fra Utdanning
- Hvordan bruke fritiden som student? (25.07.2013)
- Språktandem? (01.07.2013)
- UiB satser på MediaCity (07.02.2013)
- UiB-hverdagen blir digital (03.01.2013)
- Dette må du vite som UiB-søkjar (23.04.2013)