På karrierejakt
- Klar til kamp! Slik lyder temaet for årets Karrieredag, som vart arrangert i Grieghallen tysdag.
Av Karoline Vårdal
- Grunnen til at vi har vald dette temaet for Karrieredagen er at vi ynskjer å provosere studentane, men også forberede dei på det som kjem. Det seier John Aas som er leiar for Karrieredagen.
Kamp-temaet set fokus på trenden som herjar næringslivet: Finanskrisa.
- Sidan det er færre jobbar som vert utlyst må dei nyutdanna yte ekstra ovanfor bedriftene og kjempe om jobbane, seier leiar for Springbrettet, Marit Asheim. Det er i denne kampen Karrieredagen skal hjelpe studentane på veg.
Samarbeid mellom Springbrettet og Karrieresenteret
Karrieredagen 2009 er eit samarbeid mellom Springbrettet og Karrieresenteret som vert arrangert for tredje året på rad i Grieghallen.
Programmet for dagen består blant anna av at studentane kan få sin CV og søknad gjennomgått av representantar ved Karrieresenteret. Studentane kan også få innsikt i bedriftene ved å besøkje dei på stand eller på speed-presentasjon. Her får bedriftene tre minutt til å vise kvifor studentane skal velje akkurat dei som sin framtidige arbeidsgjevar.
Skal motivere studentane
- I år har vi ikkje hatt så mange foredrag på programmet, fordi vi har fått tilbakemelding frå studentane om at dei ynskjer å nytte meir av tida til å mingle med bedriftene, seier Asheim. Men ein av dei som har fått plass på programmet er motivator Øyvind Hammer. Hammer er mest kjend for å ha jobba med blant anna Ole Einar Bjørndalen og Henning Solberg.
Asheim håpar at foredraget kan motivere dei nyutdanna studentane til å ta opp kampen og møte utfordringane som dei står ovanfor i jakta på jobb.
75 bedrifter på stand
Arbeidsmarknaden for nyutdanna studentar har blitt tøffare. Under årets arrangement stod 75 regionale og nasjonale bedrifter på stand for å møte bergensstudentane. I fjor talde dei 88.
- Vi trur årsaka til at færre bedrifter er her i dag, skuldast konjunktursvingingane som gjer at vi har ein dårlegare arbeidsmarknad no, seier Asheim.
Sjølv om det har vorte færre bedrifter på stand, meiner Aasheim at utvalet av bedrifter som deltek i år er meir tverrfaglege.
- Det er eit breiare spekter av arbeidsgjevarar som presenterar seg, og vi håpar at tilbodet i år kan treffe fleire av studentane, seier ho.
Sist endret: 7.10.2009
Nyheter fra Utdanning
- Åpningen av UiBs internasjonale uke 2012 (08.12.2011)
- Et vinnende læringsmiljø (13.12.2011)
- Styrker sikkerheten ved sensur (26.10.2011)
- Studentenes favoritt (13.10.2011)
- - Utforsk verden som student (03.01.2012)