Gå til innhold
English A A A
13.10.2009 Nyhet

På vei mot jobb

Informasjonsveka skal gjere studentane medvitne på val av studieemner og karriere.

forskar_bilde.jpg

Kjersti L. Daae (26) håper informasjonsdagane kan inspirere og motivere studentane for arbeidslivet.

studentar_bilde.jpg

Anders Teigland (19) og Erlend Bertheussen (20) har begynt å tenke på kva dei vil jobbe med etter fullført utdanning.

Tysdag 13. oktober starta informasjonsveka PÅ VEI for realfagsstudentane. I løpet av dei komande tre dagane vil det vere foredrag frå uteksaminerte studentar og informasjon om arbeidslivet på programmet.

Planlegg fag og jobb

- For oss er det viktig at studentane tenker karriere allereie frå fyrste studieår, seier
Kristine Engan-Skei som er seniorkonsulent ved Det matematisk-naturvitenskaplige fakultet. Fakultet står bak informasjonstilbodet som skal hjelpe studentane til å finne riktig veg ut i  arbeidsmarknaden.
- Vi ønskjer å nå alle studentane som er inne i sitt første studieår med informasjon om mastergrad og jobb. Mellom 300 og 400 nye studentar kjem innom våre stands i dag, og det syns vi er bra, seier Engan-Skei.

Innsikt i eiga framtid

Anders Teigland og Erlend Bertheussen er to av studentane som nyttar dagen til å bli informerte om studie- og karriereval.
- Før i dag har vi ikkje tenkt så veldig mykje over karriere og det som kjem etter studia, seier dei to fyrsteårsstudentane, som begge går på bachelorprogrammet i nanoteknologi. No har dette endra seg for begge.
- Gjennom bachelorprogrammet får vi ei brei realfagleg utdanning og kan nok passe til mange forskjellige arbeidsoppgåver når vi er ferdig utdanna. For eksempel kan vi jobbe med energi, både med fornybar energi og i oljebransjen.
- Aller helst ønskjer eg å jobbe med medisinsk nanoteknologi og utvikle medisin. Det trur eg vil vere ein gjevande jobb der eg får hjelpe andre, seier Teigland.

Viktig å kunne samle data

Kjersti L. Daae vart uteksaminert frå masterstudiet i fysisk oseanografi i 2008 og jobbar som forskar for NAVI. Tysdag heldt ho foredrag for studentane.
- Noko av det viktigaste eg har formidla til studentane i dag er at det er gøy å vere student. Eg håpar også at dei har latt seg inspirere til å studere i utlandet. UiB har for eksempel utvekslingsavtale med universitet på Svalbard og Hawaii, seier Daae. 
Ho har også fortalt studentane kor viktig det er å lære seg det praktiske ved sitt fag.
- Å drive datainnsamling gjennom feltarbeid gjer at ein blir kjend med viktig ustyr, og gjev god erfaring før arbeidslivet, seier ho.

Sist endret: 15.10.2009