Gå til innhold
English A A A
07.10.2009 Nyhet

Universitetsstudentane finn seg jobb

91% av studentane som vart uteksaminerte frå UiB fann seg relevant jobb.

viserektor for utdanning.jpg

Viserektor for utdanning ved UiB, Kuvvet Atakan, ønskjer å kartlegge kva kompetanse det er behov for i næringslivet. Foto: Karoline Vårdal

Av: Karoline Vårdal

Rapporten ”Fra studier til jobb i Bergensregionen”som vart lagt fram under Karrieredagen tysdag, er ei kartlegging av karriereløpet til nyutdanna frå dei største utdanningsinstitusjonane i Bergen. Kandidatane som har delteke i undersøkinga vart uteksaminert i 2007.

Finn relevant jobb

Funna frå studien viser at arbeidsmarknaden for nyutdanna har vore god. 94% av kandidatane i studien har, eller har hatt relevant jobb etter avsluttande eksamen.

Også kandidater fra UiB scorar høgt med 91%. Dette til tross for at UiB tilbyr meir enn berre profesjonsstudium.
Statusen for alle kandidatane per i dag er at 92% er i relevant jobb, 4% er i jobb som dei meiner ikkje er relevant for studia, medan 2% er arbeidsledige.

- I forhold til tidlegare kandidatundersøkingar er dette ein positiv utvikling, seier Rønnaug Tveit som er dagleg leiar ved Karrieresenteret. Positivt er det også at dei utdanna får sin fyrste relevante jobb raskare etter fullført utdanning, og fleire vert fast tilsett.

Ulik løn, men lik utdanning

Studien viser at det er lønsskilnad mellom kjønna for kandidatane som vart uteksaminerte frå UiB. Menn tener i snitt 420.800 medan kvinner tener i snitt 400.500. Tveit meiner at dette ikkje er uventa, og at det er fleire årsaker til skiljet.

- Menn og kvinner vektlegg ulike kvalitetar når dei søkjer jobb. Blant anna vel kvinner meir stabile og trygge arbeidsplassar, seier ho.

Studien syner at kvinnene legg vekt på  eit godt arbeidsmiljø og faglege utfordringar når dei vel arbeidsplassen sin. Mindre viktig for dei er sjansen for karriere. 47% av kvinnene meiner dette er viktig mot 53% av dei mannlege kandidatane.

Tilpassar behovet

Universitetet ønskjer å utføre ein meir spesifikk studie ut i frå kandidatundersøkinga. Fokuset er kompetansen til dei som vert uteksaminerte.

- Det som er interessant for oss er å kartlegge kor vidt vi utstyrer våre studentar med den kompetansen som er nødvendig i arbeidslivet, seier viserektor for utdanning ved UiB, Kuvvet Atakan.

Undersøkinga viser at 49 % av UiB sine kandidatar har jobb før fullført utdanning.

- Det er gledeleg for oss å sjå at studentane finn sin veg i næringslivet, men vi ønskjer å vite meir om kva kompetanse studentane har, sett i lyset av kva behov som finnast i næringslivet, seier Atakan.

Skifte ved neste kandidatundersøking

Marit Asheim som er leiar for Springbrettet, legg vekt på undersøkinga viser karriereløpet til dei studentane som vart uteksaminert i 2007, før finanskrisa slo inn.

- Eg trur vi vil sjå andre tal i den neste kandidatundersøkinga for dei studentane som fullfører studiane sine no, seier ho.

Heile rapporten er tilgjengeleg på Karrieresenteret sine heimesider.

Sist endret: 8.10.2009