Gå til innhold
English A A A
09.10.2009 Nyhet

Vann studentstemmer iført kjeledress

Studentane kåra Reinertsen til dagens bedrift under Karrieredagen.

John Aas Springbrettet.jpg

John Tore Aas er nøgd med avviklinga av årets Karrieredag. Mest truleg besøkte om lag 5.000 studentar karrieremessa.

linn.jpg

LINN RANNSTAD på Karrieredagen: ".. eg har erfaring i frå Røde Kors og kan gjerne tenke meg å jobbe her med internasjonalt arbeid, eller i NORAD."

nicolai.jpg

NICOLAI LANDFELDT på Karrieredagen: "Drømmejobben er for UD, og gjerne jobb i utlandet."

bethina.jpg

BETHINA EKELI på Karrieredagen: "Eg veit ikkje heilt kven eg vil jobbe for, eg har ikkje tenkt så langt enda. Men eg vil jobbe innan helsesektoren."

ingrid.jpg

INGRID FLØYSLAND på Karrieredagen: ".. eg har ikkje tenkt å begynne i jobb enno. Eg vil studere meir og ta ein bachelor i administrasjons og organisasjonspsykologi."

hanne lic.jpg

HANNE LIV ØSTTVEIT på Karrieredagen: "eg har lyst å ta ein ny bachelor i tillegg til den eg har, men eg veit ikkje i kva enno."

Av Karoline Vårdal

- Årsakene til at dei vann er at studentane meiner bedrifta syner godt igjen på stand med sine oransje arbeidsdressar. Samtidig er representantane aktive og tek tak i studentar for å snakke med dei, seier leiar for Karrieredagen, John Tore Aas.

Meir tid til samtalar

Aas er nøgd med gjennomføringa av dagen og meiner alt gjekk knirkefritt.

- Vi har ingen tal på kor mange som var innom dagen, men vi anslår at om lag 5.000 studentar besøkte oss, opplyser han.

I år var det ein del endringar i programmet. Aas fortel at Springbrettet har fått positiv tilbakemelding på omlegginga frå både studentar og bedrifter.

- Ved å arrangere færre foredrag fekk bedrifter og studentar utvida si kontakttid, og det var ein meir javn gjennomstrømming av studentar som besøkte bedrifter på stand gjennom heile dagen.

Mange på motivasjonskurs

På programmet stod speed-presentasjon av bedrifter og foredrag med Øyvind Hammer om motivasjon.

- Det var omtrent 400 som stilte opp på motivasjonsforedraget, avsluttar Aas.  

5 på karrieredagen

Karrieredagen byr på eit møte med arbeidslivet, men kva tykkjer eigentleg studentane om tilbodet? Vert dei klokare på kva dei vil jobbe med?

Spørsmåla er som følger:

1: - Kva synest du om å presentere seg sjølv som student for bedriftene på Karrieredagen?

2: - Kven ønskjer du å jobbe for?

3: - Kva ønskjer du å jobbe med?

Namn: Linn Rannstad
Utdanning: Master i medievitskap på 4. semester


- Eg synest dette er eit supert opplegg når eg no er på jakt etter jobb. Her kan ein blant anna få hjelp til korleis ein skal gå fram for å søke jobb og informasjon om kor eg kan søke.

- Eg har lyst til å jobbe for UD, dei har aspirantkurs ved ambassaden og trainee-stillingar som kan vere gode jobbalternativ for nyutdanna. Frå tidlegare har eg erfaring i Røde Kors, og kan gjerne tenke meg å jobbe her med internasjonalt arbeid, eller i NORAD.

Ut i frå mi utdanning kan eg passe til å jobbe med informasjons- og kommunikasjonsarbeid i arbeidslivet.

Namn: Nicolay Landfeldt
Utdanning: 1. semester på bachelor i administrasjons og organisasjonsfag


- Eg synest det er veldig bra, men sjølv går eg berre fyrste året og det er ikkje relevant for meg å leite etter fulltidsjobb enda. Her er det i større grad slik at bedriftene tar initiativ og snakkar med deg.

- Drømmejobben er for UD, og gjerne å jobbe i utlandet. Utanom det veit eg ikkje heilt, eg må vel berre prøve meg fram til riktig jobb og arbeidsgivar.

- Eg har eit årsstudium innan økonomi frå NTNU og ønskjer å ta ein bachelor til i samfunnsøkonomi, slik at eg kan jobbe med både politikk og økonomi.

Namn: Bethina Ekeli
Utdanning: 1. året på psykologi


- Her er det nesten ingen bedrifter som er relevante for meg i min utdanning, og dei få alternativa som er her ønskjer seg studentar som går på master eller profesjonsstudiet i psykologi.

- Eg veit ikkje heilt kven eg vil jobbe for, eg har ikkje tenkt så langt enda. Men eg vil jobbe innan helsesektoren.

- Med det eg blir utdanna som.

Namn: Ingrid Fløysland
Utdanning: Siste året på bachelor i pedagogikk


- Ein får god informasjon om fleire bedrifter, men eg har ikkje tenkt å begynne i jobb enno. Eg vil studere meir og ta ein bachelor i administrasjons og organisasjonspsykologi.

- Det er ingen spesifikk bedrift eg vil jobbe for, men eg vil gjerne jobbe i ei stor bedrift,

- Eg kan for eksempel tenke meg å jobbe som personalkonsulent.

Namn: Hanne Liv Østtveit
Utdanning: 3. år på bachelor i språk og interkulturell kommunikasjon


- Ein får god informasjon, men eg veit ikkje kva eg vil jobbe med enno.

- Det veit eg ikkje, men eg har lyst å ta ein ny bachelor i tillegg til den eg har, men eg veit ikkje kva enno.

- Eg vil jobbe med noko der eg kan få brukt utdanninga mi. Men det ikkje virkar ikkje som om behovet for den utdanninga eg har er til stades blant bedriftene no.

 

Sist endret: 9.10.2009