Tilbyr nye valemne
Frå våren 2010 tilbyr UiB nye emner med eit tverrfagleg fokus på aktuelle samfunns-og forskingsspørsmål.
– Eit av formåla med danningsemna er å utvikle studentane sine evner til å debattare og å tenke kritisk.
Det fortel professor og leiar ved Senter for vitskapsteori, Roger Strand. Han har det faglege ansvaret for valemna. Dei nyoppretta danningsemna er ein del av eit forsøksprosjekt der eit av måla er å heve danningsnivået blant studentane ved UiB på bachelor, master og profesjon.
Fokus på personleg utvikling
– Manglar studentane ved UiB danning?
– Med danning tenker vi ikkje på fine fruer på Bellevue. Ein kan bli danna både med og utan piano, fortel Strand med eit smil. Han svarar på spørsmålet ved å definere danning i utdanningssamheng:
– Danning har minst to sider, og dei heng uløyseleg saman. Det handlar om korleis vi sjølv utviklar oss intellektuelt og som personar, men også om tilhøvet til vår samtid: Kva samtida fordrar av oss som borgarar, seier han.
Debatt og refleksjon
I innstillinga ” Kunnskap og dannelse foran et nytt århundre” frå Dannelsesutvalget for høyere utdanning, heiter det at utdanningssektoren i dei seinare år har blitt meir spesialisert. Dette har ført til at danningsaspektet ved utdanningstilbodet har vorte svekka.
– Valemna er ein del av eit prøveprosjekt for å setje større fokus på danning allereie på bachelornivå, fortel Strand.
Eit viktig element i undervisninga er derfor at studentane øver seg på å debattere brennheite tema med forelesarar og medstudentar.
Studerar samtidige utfordringar
Felles for fagemna er at dei tek opp nokre av dei viktigaste temaa og spørsmåla i samtida.
– Gjev vi studentar rom til å tenke gjennom, og reflektere over dei store spørsmåla i vår tid? Svaret er at ja, det gjer vi i mykje av undervisninga, hevdar Strand, og legg til:
– Med desse emna ønskjer vi å setje nokre av dei viktigaste globale spørsmåla og utfordringane vi står ovanfor inn i ein undervisningskontekst.
Spørsmåla og utfordringane blir tilnærma tverrfagleg.
– Det gjer at studentane møter nye perspektiv og får innsikt i sin eigen personlige og faglege ståstad, meiner Strand.
Tverrfaglige spørsmål
– At studiet er tverrfagleg, vil sei at studentar frå ulike fakultet skal jobbe saman. Dei vil også møte forelesarar og forskarar frå ulike fagfelt, seier Strand.
Til å drive undervisninga er det henta inn forskarkompetanse frå UiB, samt andre sentrale forskarar frå Bergensområdet.
Slik blir studentane introduserte for forskarar som brenn for faget og forskinga på eit tidleg tidspunkt i utdanninga.
– Vi trur dette kan bidra til å vekke studentane si interesse for forsking, seier Strand.
To av dei fem poengs valfrie emna kan studentane velje frå våren. Dei to andre emna går hausten 2010.
Strand håpar at studentar som søkjer valemna vil er lærevillige, likar å debattere, og synest at globale spørsmål er interessante.
Valemne vår 2010
- Sentrale spørsmål i forsking og samfunn. Menneske: Natur og kultur (VIT210)
- Sentrale spørsmål i forskning og samfunn: Global helse: Etikk, politikk og menneskerettigheter (VIT211)
Valemne haust 2010
Sist endret: 15.9.2010
Nyheter fra Utdanning
- Hvordan bruke fritiden som student? (25.07.2013)
- Språktandem? (01.07.2013)
- UiB satser på MediaCity (07.02.2013)
- UiB-hverdagen blir digital (03.01.2013)
- Dette må du vite som UiB-søkjar (23.04.2013)