Gå til innhold
English A A A
04.11.2009 Griegakademiet

Opna dørene for nye musikkstudentar

- Dette var ein hard start på dagen, meddeler trommeslager Tore Jøkelsøy med eit smil etter første gjennomspeling av Miles Davis` Solar.

sondre piano.jpg

Sondre Engesæth ved Kongshaug vidaregåande skule eit klassisk stykke på klavier og fekk rettleiing av Audun Kayser. Foto: Karoline Vårdal

orientering musikkterapi.jpg

Sunniva Ulstein Ellefsen og Anne Ingebjørg Eftestøl fortalde om musikkterapiprogrammet ved Griegakademiet.

Det er master class i jazz på Griegakademiet undervist av Eivind Austad. Jazzbandet på fire har akkurat rukke å bli varme i kroppen.

Det vesle undervsiningsrommet er fullt til randen av tilskodarar. Elevar frå vidaregåande skular og folkehøgskular med musikkfag er inviterte til å vere med på seansen, som er ein del av Open dag på Griegakademiet.

- Målet med dagen er å gje dei inviterte ein smakebit av studiekvardagen hos oss, gjennom blant anna filmframsyning og ved at dei får høve til å vere til stades i undervisninga, fortel Magni Stoveland.

Opptak i desember

Dagen starta med presentasjonar av dei ulike studieretningane Griegakademiet tilbyr, og litt om kva som inngår i dei ulike studia.

- Vi ønskjer å vise kva vi på akademiet for musikk driv med, både av praktiske og teoretiske fag, fortel Stoveland.

Fristen for å søkje opptak til Griegakademiet er 15.desemeber.

Opptaksprøve

Ved Griegakadmiet er det opptaksprøve for å kome inn på dei ulike studia. Stoveland si erfaring er at mange søkarar gruar seg for opptaksprøva.

- For å komme må ein gjennom eit nålauge, seier ho.

Nokre av musikarane spelar solo på opptaksprøva, men det gjeld ikkje for blant anna jazzstudiet.  
 
- Noko av det viktigaste å vise på opptaksprøva til jazz er sjølvsagt at ein kan spele instrumentet sitt, men det er like viktig å kunne spele i samspel med andre, forklarar Austad under presentasjonen av jazzretninga.

God kontakt

Austad er nøgd med gjennomføringa av arrangementet.

– Det kom mange fleire enn i fjor då vi arrangerte open dag for første gong. Vi fekk god kontakt med mange som var interesserte i å søke. Etter undervisninga hadde vi ein spørsmålsrunde og fekk mange positive tilbakemeldingar på opplegget, fortel han.

heilebandet2.jpg

Fremst frå venstre: Tore Jøkelsøy på trommer, Sebastian Emin Kittelsen på ståbass, Jakob Puer Buverud spelar piano og på saxofon, Morten Smith-Lien under master class. Bak til venstre: Eivind Austad.

Sist endret: 9.11.2009