Frå student til arbeidstakar
For mange studentar går vegen ut i arbeidslivet gjennom Karrieresenteret.
– Vårt mål er at å lette overgangen til arbeidslivet ved å tilby studentar karriererettleiing og jobbsøkartrening, fortel dagleg leiar ved Karrieresenteret, Rønnaug Tveit.
Kurs med rollespel
Karrieresenteret tilbyr både kurs og rettleiingstimar. Blant anna kan studentar delta på jobbsøkarkurs og få trene seg på intervjusituasjonen.
– Deltakarane på kurset vert intervjua av ein representant frå næringslivet. Ved å simulere ein intervjusituasjon lærer studentane kva dei kan forvente seg på eit reelt jobbintervju, fortel Tveit.
Hjelp til søknad og cv
På jobbsøkarkurs får studentane råd og hjelp til å utforme jobbsøknad og cv. Alle tilboda ved Karrieresenteret er gratis for studentar.
– Vi anbefalar studentar individuelle rettleiingstimar der ein kan diskutere karriereval, fortel Tveit. Desse timane kan ein kan ta både tidleg og på seinare stadium i studiet.
– Det viktigaste er å ha ein plan. Om ein kartlegg karrieremåla sine, vil motivasjonen for studiet auke, meiner Tveit.
Hittil i år har fem hundre studentar delteke på Karrieresenteret sine kurs i intervjutrening og jobbsøking. Kursa vert arrangert fleire gonger i året.
Traineeprogram
- Eit viktig mål for Karrieresenteret er å gjere den akademiske kompetansen synleg, anerkjend og etterspurt på arbeidsmarknaden, fortel Tveit.
Karrieresenteret samarbeidar med sentrale næringslivsaktørar, blant anna gjennom Trainee Vest.
– Gjennom Trainee Vest lyser vi ut traineestillingar for nyutdanna studentar. Akkurat no har vi tjue personar i slike stillingar, fortel Tveit. Nokre av bedriftene som har hatt traineear er Bergens Tidende, BKK og Bergen Kommune.
Karrieresenteret arbeidar samarbeidar også med andre studentorganisasjonar som til dømes Springbrettet og Studentrådgivningen.
– Vi deltek på arrangement og stiller blant anna med Karrieretorg under Karrieredagen, fortel Tveit.
Karriererettleiar Idar Nestaas har rettleiingssamtale med Elida Måkestad (29). Ho er inne i sitt siste semester på profesjonsstudiet i psykologi.
Sist endret: 8.12.2009
Nyheter fra Utdanning
- Hvordan bruke fritiden som student? (25.07.2013)
- Språktandem? (01.07.2013)
- UiB satser på MediaCity (07.02.2013)
- UiB-hverdagen blir digital (03.01.2013)
- Dette må du vite som UiB-søkjar (23.04.2013)